Teater
Trettiårskrigen på kaféteater
Det harske antikrigsstykket rammar enno, men her er det òg forvirrande.
Laila Goody i rolla som Mor Courage.
Foto: Øyvind Eide
Berthold Brecht hadde like før krigen ei grell og klår melding til verda med stykket om Mor Courage, den ambivalente kona som vil både verje ungane sine mot krigen og tene pengar på han, bruke krigen som levebrød.
Det er trass i den antisentimentale grunnstammen eit særs gripande stykke, og det kan ofte gjere oss rørte, paradoksalt nok, for det var jo det Brecht nett ikkje ville. Han ville ha publikum opprørte. Ikkje rørte. Alle oppsetjingar av stykket må ta stilling til det dilemmaet. Kor mykje framandgjering kan publikum tole – og skjøne?
Originalmusikk
Nationaltheatret har denne gongen valt Paul Dessaus originalmusikk til stykket. Det gjev framsyninga ei rank ryggrad, for skodespelarane meistrar faktisk å integrere dei melodisk ulogiske songane i rollene. Det imponerer.
Kva så med det visuelle uttrykket? I eit så pass nøkternt stykke bør ein jo helst ikkje fortape seg i realistisk illusjon. Likevel verkar det å dra det litt langt å la stykket gå føre seg i eit kaféteater, der vi åskodarane sit ved småbord med lamper på. Kjenner ein seg forplikta til å hinte til det dekadente Berlin, berre av di det er Brecht og musikkteater? Her føler vi vel at framandgjeringa blir så langstrakt at vi mest mister tråden i handlinga.
Stykket skal i tillegg, ifølge førehandsomtalene, innebere både brei folkekomedie og alvorleg drama. Den alvorlege dramabiten sit godt, men folkekomedien blir valen og tvungen, truleg av di han vantar jovial publikumsappell. Dei galgenhumoristiske replikkane vert stort sett hengande i lufta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.