Musikk

Tresmak på tonen

Chiaroscuro Quartet spelar Haydns russiske kvartettar som nokre råskinn.

Originalinstrumentensemblet Chiaroscuro Quartet.
Publisert Sist oppdatert

Strykekvartettane er «komponerte på ein heilt spesiell måte, for eg har ikkje skrive slike på ti år». Slik annonserte Joseph Haydn (1732–1809) sitt opus 33 for subskribentar i 1781. Dette var Haydns fyrste kvartettar eksplisitt mynta på den frie musikkmarknaden.

Ei kontraktsfornying hjå den ungarske fyrst Esterházy, som han var kapellmeister hjå, hadde nyss gjeve han løyve til å komponera for andre. Stykka er difor i meir «populær» stil enn før, fri for lærde former som fugar. Musikken bognar av lun, haydnsk humor.

Speleglede

Op. 33-kvartettane har tilnamnet «dei russiske». I ei akt av pragmatisk smisk etterhandsdediserte Haydn dei nemleg til tsar Paul I av Russland. Alle er no spelte inn på to album av Chiaroscuro Quartet, eit framifrå ensemble av fire kvinner frå høvesvis Russland, Spania, Sverige og Frankrike. Eg lét meg begeistra av den mangearta klangpaletten og den eggjande spelegleda deira under konserten i Bergen for tre år sidan. Dette er framføringskvalitetar som innspelinga i rikt monn speglar.

Fyrstefiolinisten Alina Ibragimova er eit råskinn som utan å blunka skifter mellom knivskarp stakkato i toppregisteret og så tung bogeføring på den låge G-strengen at tonen får tresmak. Lytt til den febrile opninga av finalesatsen i Kvartett nr. 1 i h-moll (CD 1, spor 4), så skjøner du kva eg meiner.

Lureri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement