Bok

Treffsikkert

Odd Vegard Paulsen får på framifrå vis fram den tause friksjonen vi menneske går rundt og held oss med.

Odd Vegard Paulsen kjem frå Bømlo og arbeider som lærar i Oslo.
Publisert

Heine kjem heim etter at faren har gått bort. Gravferda er unnagjord, no ventar oppryddinga, i fleire tydingar av ordet. Her finst rusk og hybelkaninar for eit heilt orkester, for å parafrasere Arild Nyquist.

Heine bur til vanleg i byen med kona Solveig som no er gravid; ho blir igjen. Det er ein motvillig Heine som reiser, han veit kva som ventar, og han begynner å vri seg med ein gong han set føtene på gamal grunn. Søstera Hanna er til dels ei trøyst, men forholdet søskena imellom er ikkje berre rett fram. Faren er daud, men sjukdommen hans – og det den fekk han til å gjere – heng igjen og vekker framleis uro. Mora er opptatt av å glatte over det som glattast kan, bevare stemninga og elles rose dei feile folka. Som Trym, Hannas tilkommande, ein døgenikt i Heines auge.

Vil vekk

Heine vil helst berre ut av alle situasjonar. Det finst ikkje noko naturleg eller avslappa i samværet med nokon, og det blir gjenspegla i språket. Mange er setningane som skildrar kor mykje arbeid det ligg i å framstå sånn eller slik; korleis det alltid kjennest kunstig: «Eg prøvde å verke likegyldig (...)». «– Kva skjer her? spurde eg, med ei stemme eg håpa blei oppfatta som munter.»

Ubehaget er så stort at det smittar over på lesaren, som begynner å vri seg der i stolen, kanskje i ei slags sympativriding.

Om han kunne velje, gjekk nok Heine helst ut av seg sjølv også. Han liker ikkje den han blir der heime. Etter at han forbløffa registrerer at han har sagt den heilt overflødige setninga: «Jaså, er det du som kjem springande?» reflekterer han: «– I byen ville eg aldri sagt dei orda, på den måten. Å komme heim, leggje om, var ikkje berre ei ufrivillig endring i språket, men ei generell degradering av heile personlegdommen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement