Film

Trass i godt manus og skodespel tek eg meg i sjå på klokka under siste filmen til Christian Petzold.

Forfattarspira Leon (Thomas Schubert) saman med Nadja (Paula Beer) som også bur i sommarhuset han har leigd saman med kameraten Felix.
Forfattarspira Leon (Thomas Schubert) saman med Nadja (Paula Beer) som også bur i sommarhuset han har leigd saman med kameraten Felix.
Publisert Sist oppdatert

Dei to unge kompisane Leon (Schubert) og Felix (Uibel) kjem endeleg fram til sommarhuset etter å ha havarert med bilen ei god mil unna. Då dei kjem fram, er huset okkupert av Nadja (Beer) og elskaren Devid (Trebs).

For forfattarspira Leon blir det ei irriterande overrasking å ha huset fullt når han skal jobba, mens positive Felix omfamnar dei frilynte sjelene som mor hans har sagt også kan bu i sommarhuset. Samtidig trugar flammane frå ein kraftig skogbrann, som om ikkje Leon hadde nok å tenka på.

Idyll-isk

Sommarhuset nord i Tyskland er akkurat eit sånt eg kunne budd i ein heil sommar – koseleg innreidd med gamle, stilige møblar i sekstitalsdesign. Kjøkenet ser ut som det luktar basilikum og raudvinseddik, og utandørs står ein pergola med fine designrottingstolar.

Kvar dag hiv Nadja seg på sykkelen for å koma seg på jobb i den vesle byen. Vegen er flat og innramma av lauvtre, og alt ser berre superduperidyllisk ut. Leon er derimot alt anna enn idyllisk, han er gretten og surmulande, og det er altså fordi han ventar på tilbakemelding på romanutkastet sitt.

Det kan ein jo kjenna seg att i – om ikkje romanutkast, så det at ein sjølv går på nåler mens alle andre tek livet så lett at det er til å bli galen av. Når ein i tillegg kanskje likar ho uimotståelege dama som har seg med den ditto irriterande uimotståelege badevakta, hjelper det ikkje på humøret når ein samtidig kjenner seg kvapsete og tung i kroppen, som det lyser av Leon at han gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement