Trans på roser

Så smertefritt at det gjer vondt å tenkja på korleis det alltid kunne vore.

Rolf Lassgård spelar presten som ynskjer å vere kvinne. Dottera vert spelt av Hedda Stiernstedt.
Rolf Lassgård spelar presten som ynskjer å vere kvinne. Dottera vert spelt av Hedda Stiernstedt.
Publisert

Den 28-årige Hanna (Stiernstedt) flyttar motvillig tilbake til småbyen ho er fødd og oppvaksen i, då faren, den populære presten Lasse (Lassgård), fiksar ein jobb for henne i den lokale TV-kanalen. Plutseleg bur ho under same tak som far, mor (Endre) og bror (Wiljergård) igjen. Men kven sitt sjal er det eigentleg ho låner fyrste dag på nyjobben?

Gladfilm

Det skal noko til å kalla ein film om transpersonar for konvensjonell, men det er vel helst eit godt teikn om det vil seia at folk flest toler temaet så godt at det kan lagast feelgood-drama av det og ikkje berre parodisk drag-komedie. Pappa, ektemann og prest Lasse har kjent på å vera fødd i feil kropp sidan han var liten, men han har ikkje fortalt det til andre enn kona.

Den mest interessante vrien i Min pappa Marianne er kanskje den at kona er langt meir tolerant enn den politisk korrekte og oppegåande dottera Hanna. Ho meiner han har opptredd uærleg ved ikkje å fortelja henne og broren om kjenslene sine, men hadde ho tolt det betre om han stod fram under oppveksten hennar på nittitalet i ein småborgarleg småby som Alingsås?

Som ein draum

Min pappa Marianne er omtrent blotta for dei vanlege ingrediensane i filmar om seksuell identitet; nesten ingen har problem med at presten brått vil gå i dameklede, inkludert den næraste prestekollegaen hans, kyrkjelyden, bygdefolket og familien. Det er knapt grenser for kor inkluderande folk i Alingsås er, alle utanom Hanna, altså. Eg kan berre håpa at me i dag har eit så liberalt og ope syn også i Noreg, sjølv om kommentarfelta i kjømda av J.K. Rowlings noko transfobiske twittermeldingar ikkje tyder på det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement