Bok

Tragisk drikkevise

Enkelt, rått og effektivt om å vere avhengig av alkohol.

Martin Svedman er siviløkonom frå HEC Paris og har gått på forfattarstudiet i Tromsø.
Martin Svedman er siviløkonom frå HEC Paris og har gått på forfattarstudiet i Tromsø.
Publisert

Ustanseleg og desperat drikking er den definitive bensinen i debutantdikta til Martin Svedman. Dikta manar fram eit tragisk og destruktivt univers.

Bortsett frå ein viss hang til Berlioz og Mozart, er eg-personen eit botnlaust hol, som fortærer seg sjølv og omgivnadene. Boka teiknar opp ein alkoholikars veg mot botnen, frå å prøve ut alkoholhaldige drikkar i barndomsåra til å verte fullblods alkoholikar med tørkeperiodar og tilbakefall.

Velkjent mønster

Det heile faldar seg ut i ein knapp, hardkokt stil utan biletleg ornamentikk eller formildande grep. Ein registrerer altså raskt at det finst ein motsetnad mellom den overstadige eg-personens jakt etter alkoholrus og den korthogne, fragmentariske stilen, som ikkje freistar å forklare, berre skildre. Kunstmusikken frå dei høgare sfærane fungerer også som ein avstandsmålar til det eksistensielle nederlaget eg-personen er på veg mot.

Tidvis minner dikta om ein annan drikkediktars vitnemål, nemleg dikta til Charles Bukowski. Men ein må då trekkje frå at Svedmans dikt verkar å utspele seg i eit miljø med relativt trygge økonomiske rammer, ikkje blant randeksistensar i det nedste sosiale sjiktet.

Lite vert lagt imellom. Så lenge han er i stand til å drikke, i einsemd eller i lag med andre, drikk han seg frå jobboppdrag og frå kjærleiken – ja, frå alt, kunne ein seie, berre ikkje frå avgrunnen han eigenhendig har opna. Slik sett følgjer han eit velkjent mønster.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement