Teater
Tragikomedie i ordets beste meining
Ein leiken Ibsen-klassikar som går til kjernen i stykket.
Framsyninga har fått eit moderne visuelt teaterspråk.
Foto: Bengt Wanselius
Mange regissørar, særleg av det ferske slaget, trur dei berre kan gjere klassikarane til «sine» ved å omkalfatre dei. Runar Hodne syner at det kan gjerast i truskap til utgangspunktet og likevel elegant og nytt. Oppsetjinga han har laga av Ibsen-travaren Vildanden, er leiken samstundes som ho går til kjernen i stykket. Dette er tragikomedie i ordets beste meining.
Scenografien er spesiell. Medan vi anar selskapet hjå grosserar Werle bak eit slør, går dei første scenene føre seg på ei trong forscene, der folk så vidt kan passere kvarandre. Det gjer Hjalmar Ekdals svik mot faren desto tydelegare når han kan få seg til å seie at han ikkje la merke til at faren gjekk forbi. Snart skal han svike igjen, denne gongen ved å gløyme å ta med noko godt frå selskapet til vesle Hedvig som ventar heime på det han har lova.
Sjølvkjærleik
Slik blir karakteren Hjalmar Ekdal etablert, og Andreas Stoltenberg Granerud lét oss få sjå han i den armodslege og innimellom stakkarslege sjølvkjærleiken sin. Ein treng ingen stor fantasi for å skjøne at han kan bli eit lett offer for sanningsfundamentalisten Gregers Werle. Og det endå om Werle, i Karl-Vidar Lendes skikkelse, blir mindre farleg enn han helst skal vere. Han verkar forknytt, tilknappa, går med armane ned langs kroppen og signaliserer ikkje noko av den fridommen han vil forløyse Ekdal til, og som han nett har tilkjempa seg ved å bryte med faren. Han står ikkje heilt til truande, men syner seg akkurat så forblinda som ein idealfanatikar må vere for ikkje å innsjå at det han vil lokke Hedvig til, kan få eit fatalt utfall.
Noko av det som gjer denne oppsetjinga til komedie, er spelet mellom notid og fortid, med dialogar som brått kan få moderne innskot. Dessutan metainnslag som skal illustrere at dette er berre spel, som når Hjalmar Ekdal speler på ei tenkt fløyte eller Gina henger opp klede som ikkje finst. Også Ekdal kallar på låtten, der han på sitt pompøse vis talar om den store oppfinninga som aldri vil bli noko av, og samstundes sutrar over bagatellane i tilværet.
Vakkert samspel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.