Film

Topp historietime

Helsinkieffekten er eit engasjerande og engasjert innblikk i storpolitikk, i alle fall slik det ein gong fungerte.

President Gerald Ford og generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti Leonid Brezjnev i Helsinki.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren 1975 skulle land frå heile verda samlast i Helsinki for å gjera ferdig den tredje og siste etappen i eit samarbeid for tryggleik i Europa (OSSE). Åtte sosialiststatar og 27 kapitaliststatar skulle einast om både landegrenser og menneskerettar. Det var her Leonid Brezjnev skreiv under på det som skulle bli starten på slutten for Sovjetunionen og austblokka.

Jernteppefall

Dresskledde, alvorlege menn myldrar inn i ein offisielt utsjåande bygning. Dei bøyer seg over dei smale borda landet deira er tildelt. Idet den sovjetiske generalsekretæren Leonid Brezjnev skal setja pennen sin på papiret, frys biletet, og forteljarstemma til den finske regissøren Arthur Franck erklærer dramatisk at her er Brezjnev i ferd med å signera sin eigen lagnad, og han veit det ikkje sjølv eingong.

Det er effektiv og fengande historieforteljing. Så kjem den karakteristiske stemma til Henry Kissinger over skrivemaskintekst, transkripsjonar av topphemmelege møte han og ymse statsleiarar har hatt. Franck forklarar at det er KI-genererte stemmer, og unnskylder i same slengen den gebrokne aksenten til Brezjnev når det er han som «les».

«Eg trur ikkje Brezjnev kunne engelsk eingong», seier Franck på sitt lakoniske vis. Det er litt i overkant flippete når han introduserer nye opplesingar av Kissinger med orda «Køyr på, Henry», men samtidig kler det Helsinkieffekten, eit videoessay der skaparen får spela kommentator til historia.

Quizleis

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement