Tonesett tøys
Skal du sjå éin film denne sommaren, så treng det i alle fall ikkje vera denne.
Komikaren Henry McHenry (Driver) og den suksessrike operasongaren Ann Desfrasnoux (Cottilard) forelskar seg, og ut av det turbulente forholdet vert vesle Annette fødd.
Foto: Filmweb
Musikal, drama
Regi: Leos Carax
Annette
Med: Adam Driver, Marion Cottilard, Simon Helberg
Kinofilm
Den kontroversielle komikaren Henry McHenry (Driver) og den suksessrike operasongaren Ann Desfrasnoux (Cottilard) forelskar seg, og ut av det turbulente forholdet vert vesle Annette fødd.
Excuse moi?
Det skal seiast med det same at eg ville ikkje valt å melda ein musikal hadde det ikkje vore for at sommartid er agurktid også for filmmeldarar, med rekordfå premierar per veke, forståeleg nok. Mindre forståeleg er det at nokon nokosinne vil laga ein musikal. Og dette er kvintessensiell bryt-ut-i-song-musikal med sjablongaktige hovudpersonar og koreograferte kor kledde ut som normale menneske – grøss.
Det slår meg som underleg at regissøren Leos Carax, som eg hugsar for eksperimentelle Holy Motors (2012) seinast, skulle vilja gje seg i kast med Annette. Men så ser eg at det var jo han som regisserte De elskende på Pont-Neuf (1991), og då fell det litt meir på plass. Glitteret i Hollywood-åsane har kanskje lokka han frå det vande Paris-miljøet, og kven lagar vel musikal på fransk? Ja, utanom ein av dei mest kjende musikalane i verda, Paraplyene i Cherbourg (1964), då ...
Udyr
Eg undrar meg i grunnen over det meste med Annette: Kvifor ein Adam Driver som ikkje kan synga? Og ei Marion Cottilard som tydelegvis heller ikkje kan synga, sidan ho har stand-in i form av operasongaren Catherine Trottman? Temaa hemn, kjærleik, misunning og død blir sulla ut i nærare to og ein halv time, utan at eg føler noko særleg varme og medkjensla for nokon av dei.
Men den største av kardinalsyndene er uansett at ingen av songane er spesielt gode eller fengande, og ingen av dei er framførte på rørande vis. Bak manus og musikk står brørne Ron og Russell Mael, betre kjende som den respekterte duoen Sparks, utan at det er formildande omstende. Heller ikkje det at eg stort sett elskar alt Marion Cottilard tek i, kan gjera meg mildare stemt overfor verken sjangeren eller sjølve filmen. Filmen strevar med å henga saman, sjølv om bruken av kjendis-sladre-TV-innslag som raud tråd fungerer bra nok, men han vinglar mellom såpeopera og samfunnskritikk på ein særs lite vellukka måte.
Nokon burde sunge høgt og velartikulert «dårleg ideeee!» til Leos Carax på eit tidleg tidspunkt, så hadde kanskje Annette vore unngått.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen av songane er spesielt gode eller fengande, og ingen av dei er framførte på rørande vis.
Fleire artiklar
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavangar og har blant anna skrive fire romanar om Ingrid Winter.
Foto: Tommy Ellingsen
Smart underhaldning
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Foto: Bez
Det gode som han ville