Bok

Tildekking og avdekking

Gaute Heivoll skriv gripande om eit lite samfunn under store omveltingar.

Gaute Heivoll debuterte i 2002 og har skrive både romanar, noveller, dikt og barnebøker.
Gaute Heivoll debuterte i 2002 og har skrive både romanar, noveller, dikt og barnebøker.
Publisert

«Vekkelsene var kommet i flere omganger: under verdenskrigen, under spanskesyken, under krakket i New York. Vekkelsene kom som langsomme dønninger fra den store verden, slo innover skoghavet og dro sjelene med seg.»

Dette er ei verknadsfull skildring av eit fenomen, og typisk for Gaute Heivolls glitrande, målande penn. Sitatet seier òg noko om sørlandsbygda vi møter i romanen Sang for sekstiåtte forrædere – ho rommar eit fromt bedehusmiljø der ingen eigentleg snakkar om noko, men der ein blir sveipt med av store rørsler utanfrå.

Slåande portrett

Denne gongen er det den andre verdskrigen som står på trappene, med alle førevarslande kastevindar. Den respekterte og overtydande butikkeigaren Gerhard Andersen set i gang ein vervekampanje for Nasjonal Samling. Svimlande sekstiåtte medlemmer klarer han å få lokka til seg i den vesle bygda, som romantittelen viser til. Men ikkje alle sluker agnet, og sakte, men sikkert blir bygda splitta. Heivoll viser kor umerkeleg overgangen kan vere frå joviale meiningsforskjellar til farefull splitting som resulterer i tysting på vener og sambygdingar.

Vi følgjer Andreas, som viser seg å vere eit musikalsk talent av dei sjeldne og dermed får spele i både bedehuset og i kyrkja, frå han er barn til han er student i hovudstaden. Men sjølv om vi ser mykje gjennom auga hans, er det den allvitande forfattarens inngåande og slåande portrett av enkeltmenneska i bygda som skapar ei ramme for innleving i fundamentale menneskelege utfordringar.

For korleis skal ein velje i møte med desse sveipa som kjem utanfrå? Kven skal ein høyre på? Om marxismen er Antikrist, skal ein ikkje kjempe mot han med alle middel? Om ein blir lokka med gode som sikrar framtida, skal ein ikkje velje å gå med dei som deler dei ut? Når samanhengen går opp for ein, kva gjer ein då? Går ein tilbake på det ein har sagt, tapar ein vel andlet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement