Teater

Til ære for Sandemo eller hjelp til botnlinja?

Ei gigantmønstring der alt av effektar var tekne i bruk, og der effektane stundom skugga for innhaldet.

Nationaltheatret har gjort bøkene Marit Sandemo skreiv om Isfolket, om til ei satanistisk fantasyframsyning.
Publisert Sist oppdatert

For ein triumf! Margit Sandemo fekk aldri bli medlem av Den norske Forfatterforening. No, og fram til påske, blir hovudverket hennar spelt på landets nasjonalscene. Kva ho sjølv synest om det Nationaltheatret har gjort med dei 47 romanane hennar om Isfolket, får vi aldri vite. Men at ho ville sett det som no skjer, som ei offentleg oppreising, er lett å tenkje seg.

Om lag 12.000 boksider, som omfattar ei historie om tallause slekter gjennom 420 år, er blitt kokte ned til ei teaterframsyning på tre og ein halv time. Å gje ei nøktern vurdering av dette er nesten uråd, men enklast og tydelegast kan det kanskje gjerast ved først å vurdere framsyninga som scenisk produksjon, for deretter å sjå kva Simen Formo Hay og Oda Radoor har gjort med det enorme tekstmaterialet.

Kollektivt lyft

I noko som verkar som eit desperat publikumsfrieri, har teateret teke i bruk heile sitt sceniske apparat av teknologi, lys, lyd og effektar for å skape ein monumental versjon av noko som knapt lèt seg redusere på dette viset. Det er imponerande å sjå totalverknaden av denne enorme manifestasjonen for å mane fram eit univers av kjærleik og magi, vald og erotikk, mystikk og ætteforbanning, djevledyrking og okkultisme, mytologi og religion – og med demonar og ein Lucifer med diamantprega kjempepenis.

16 skodespelarar, blant dei mange frå «topplaget» på teateret, gir liv til eit utal skikkelsar – som likevel berre er ein del av det totale persongalleriet hos Sandemo. Her blir det pøst på med effektar av alle slag, og musikk som især er henta frå svartmetallsjangeren, torar gjennom rommet. Og i periodar flyt røyk over scena medan sexlivet fløymer og barnefødslar går langt inn i det karikerte.

Sandemo skapte ikkje karakterar med nemnande djupne, men helst slike som skulle appellere til kjenslelivet hos lesarane. Difor er ikkje dette ei framsyning der einskildaktørane står nyanserte fram: Det er meir tale om eit kollektivt lyft der alle gjer det dei skal. Og der støyen stundom tvinga dei til å ytre seg som om dei spelte på ei utescene. Men på sine premissar fungerte det bra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement