Film
Tid for samtid
Fire veggar kan romma mykje drama.
«Alle» kjenner til det italienske familiestyret med tytande folk og kokande mat overalt, og litt slik er det i Sieranevada.
Foto: Tour de Force
Heile storfamilien samlar seg for å minnast far og bestefar før gravferda. Legen Lary (Branescu) er der med kone og barn, systera med baby og barnefar, og broren kjem omsider frå militærposten sin. Den utvida storfamilien er der òg, i den tronge, overmøblerte leilegheita i Bucuresti, der det vert diskutert, kokkelert og røykt i eitt sett. Konspirasjonsteoriar om 11. september og åtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen vert blanda med teoriar om at den avdøde kanskje ikkje var så tvers igjennom god. Og når det kjem til stykket: Det er kan henda det er fleire som ikkje har så plettfritt samvit?
Langt og godt
Den rumenske nybølga i film er noko både eg og kollega Tveit har skrive om her. I tillegg til Cristian Mungiu, som nyleg hadde Den store prøven på kino, er Cristi Puiu ein av tungvektarane. Han vann Un certain regard-prisen i Cannes for Lazarescus død (2005), ein film som hausta mange lovord også i norsk presse. Denne og Sieranevada har nokre fellestrekk, mellom anna at dei begge slepp unna med å vara i nesten tre timar utan at det eigentleg skjer så mykje. Der kan det hende eg tok luven av ein del potensielle sjåarar, men det kan ikkje gå usagt. Som kinomaskinisten humoristisk påpeikte då eg var på veg inn i salen: Kvifor vera ute i sola når du kan sitta tre timar i mørket og sjå rumensk samtidsdrama?
Difor
Grunnane til å sjå filmen er mange: herlege rollekarakterar, interessant dialog og innblikk i ein annan kultur, for å ta det overflatisk. På same måte som bøkene til Jon Fosse har ei framdrift trass i tilsynelatande endelause gjentakingar, sit eg og fordøyer dei trivielle samtalane og situasjonane i Sieranevada, og nesten umerkbart har det opna seg ei ny innsikt. Familien er samansett, og det er øvre middelklasse heller enn arbeidarklasse, trass i det stusselege husværet. Her er legar og intellektuelle og tidlegare revolusjonære. Ceausescu er framleis eit tema, noko som kanskje seier ein del om Romania – landet slit enno med struktur og kultur etter avrettinga og dermed jernteppefallet i 1989. Nettopp dette nærværet av fortida gjer filmen endå meir interessant, ikkje minst manifestert ved fabelaktige tante Evelina – beinhard regimehatar og iherdig patriot.
La familia
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.