Film

Terningkast gjesp

Kven sa at klissete, opplagd kjærleik på film var daud?

Forfattaren Juliet Ashton (Lily James) vert invitert til bokklubben på Guernsey av grisebonden Dawsey (Huisman).
Forfattaren Juliet Ashton (Lily James) vert invitert til bokklubben på Guernsey av grisebonden Dawsey (Huisman).
Publisert

I London i 1946 går livet på det jamne for den kjente forfattaren Juliet Ashton (James). Då ho mottek eit fanbrev frå ein grisebonde (Huisman) frå Guernsey, vel ho vekk boksigneringar og amerikanaren ho er trulova med, for å besøka bokklubben på kanaløya.

Ope sinne

Eg prøver alltid å gå inn med eit ope sinn når eg ser filmar, utan å vera påverka av kva andre meiner, eller kven som har regissert (viss eg kan unngå det). Men altså, Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai? Kjære vene. Det skal litt til for ikkje å vera skeptisk når dei har prøvd å vera artige, snurrige, søte og overleste alt i tittelen. Det er ein slik tittel som innbyr til å halda tekoppen med begge hender og flimra drøymande med augevippene, akkurat slik det viser seg at hovudrolleinnehavar Lily James kjem til å gjera. Alt er så ellevilt pittoresk, frå den smekre garderoben hennar til det latterleg idylliske småbysamfunnet som møter henne. For ikkje å snakka om den staute, vakre, barske 2018-moteriktige bondebrevvenen Dawsey. Men det er vel umogleg å velja ein enkel grisebonde når ho har fått ein diamantring av den rike, sjarmerande Mark, er det ikkje?

Nuvel, Newell

Regissør Mike Newell har filmar som Fire bryllup og en gravferd (1994) og Mona Lisa Smile (2003) på samvitet. Sånn sett har han eit stort publikum han ikkje vil skuffa. Då er det bra å køyra trygg oppskrift – masse sukker, masse tilsettingsstoff, masse kliss.

Det som er mest interessant, er krigshistoria – den tyske invasjonen, tyskartøser, minelagde strender – men Newell har gjort sitt beste for å ikkje la det vera for ubehageleg. Særleg ved å ha lett gjenkjennelege stereotypar med som den snerpete frøken Stimple, den likandes postmannen Eben, den sprø peparmøya Isolin og den skikkeleg fæle, lutrygga angivaren som alle hatar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement