Bok

Teikn for ei vond og utru ætt

Karl Ove Knausgårds nye roman er eit filosofisk prosjekt som lesaren kan nytte til refleksjon over livets ytste vilkår.

Karl Ove Knausgård debuterte som forfattar i 1998. Bøkene hans er omsette til 35 språk.
Karl Ove Knausgård debuterte som forfattar i 1998. Bøkene hans er omsette til 35 språk.
Publisert Sist oppdatert

Morgenstjernen er den fyrste store romanen frå Karl Ove Knausgård sidan den eineståande suksessen med Min kamp i 2009–11. Knausgård er no omsett til 35 språk og har ein internasjonal posisjon som berre Jon Fosse kan overgå av norske forfattarar. Dimed vert ein ny, stor roman frå Knausgård ei litterær storhending.

Romanen startar i sakte fart med skildring av tankane til Arne om behaget i å vere på ferie, ha lagt ungane og ta seg eit glas vin på terrassen. Når kona, Tove, dukkar opp, vert lesaren utsett for halv- og heilsides dialogar om ho vil ha vin eller ikkje, om ho bør sova eller ikkje, og så bortetter. Tempoet fell mot stillstand, slik at sjølv førekomsten av levande krabbar midt i skogen og formidlinga av at Tove er bipolar, vert til noko altfor alminneleg.

Då det etter dette fylgde fleire sider om eit aktlaust drap på ein kattunge som Tove hadde trakka i hel, fleire familiedialogar om fjernsyn og bading, opplysing om at Tove drøymer om å ligge med Egil, kameraten til Arne, deretter side opp og side ned om Arne som råkar på Trond Ole, og eit heilt lite avsnitt om korleis ein går fram for å betale med bankkort for to tjuepakningar med Marlboro, gjekk det kaldt nedetter ryggen på meg. Kunne eg verkeleg halde ut meir enn 600 sider til om Arne og Trond Ole og liva og innfalla deira?

Utover i romanen merka eg likevel at han vann innpå meg. Etter kvart syner det seg at dei tilfeldige og ofte berre påbegynte livslagnadene ofte spelar saman, og at prosjektet til forfattaren ikkje er å underhalde oss med langdryge skildringar av så vanlege menneske at dei kunne ha vore bytte ut med nær sagt kven som helst.

Mot slutten av lesinga hadde eg skifta syn på teksten, som eg no såg som eit filosofisk prosjekt som byr seg fram til lesaren som ein reiskap til refleksjon over livets ytste vilkår, nemleg døden.

Openberringa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement