Teater
Visuelt vakkert og velspelt
Bjarte Hjelmeland står bak ein gjennomarbeidd, men nokså konvensjonell Peer Gynt.
Lars Berge spelar hovudrolla som Peer Gynt.
Foto: Thor Brødreskift
At Peer Gynt er aktuell i ei tid prega av stadig aukande individualisme, seier seg sjølv. Men er det framleis råd – utan merkelege regipåfunn – å hente fram nye sider ved dette stykket? Det skal godt gjerast, og det har vel neppe vore Bjarte Hjelmelands ambisjon.
I staden har han laga ein versjon som i det meste er svært tru mot originalen, ved at han har med element frå nesten alle scenene i stykket, rett nok med ulik vektlegging, i staden for å konsentrere seg om utvalde scener. Og resultatet er blitt ei fin, gjennomarbeidd og velspelt framsyning.
At den forførande Anitra blir tolka av ein mann (Claus Sellevoll), gjer ikkje noko, for andredelen av stykket skal jo vere noko aparte.
I musikkvalet har han gitt Grieg og Sæverud fri, med unntak av sviska «Solveigs song». Mor Aases død blir akkompagnert av Beethovens sjuande symfoni, elles kling både folkemusikk og især popmusikk med – og det fungerer heilt utmerkt. Scenografien er redusert til nokre kasser, som ikkje blir flytta rundt i utide, T-Michael har designa funksjonelle kostyme, og bruken av video – obligatorisk i dagens teater – får heller ikkje ta over. Hjelmeland har vågd å lite på teksten og spelet – og det held.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.