Teater

Virtuost dokkespel for vaksne

I ei blanding av humor, alvor og munter galskap tek det norskamerikanske teaterkompaniet Wakka Wakka oss inn i ein ellevill økofabel.

Mange av dokkene er i menneskestorleik.
Mange av dokkene er i menneskestorleik.Mange av dokkene er i menneskestorleik.
Publisert

Wakka Wakka

Wakka Wakka er forlengst etablert internasjonalt og her heime som eit dokketeaterkompani på toppnivå. Dei lagar framsyningar både for born og for vaksne. Kompaniet, med norske Kirjan Waage som leiar, dokkemakar og dokkeførar, har base i New York og Oslo, og har laga dei fem siste produksjonane sine i samarbeid med Figurteatret i Nordland (i Stamsund).

Seriøse tema

Kompaniet speler på engelsk, og dei har vitja fleire norske byar med framsyningane sine. Historia om den udøyelege Jellyfish Girl (manetjenta) er andre del av ein økologisk science-fiction-serie, Animalia-trilogien, som byrja med Animal R.I.O.T og skal avsluttast med Day of the Dead Animals.

Produksjonane til Wakka Wakka er aldri rein underhaldning, men likevel meir underhaldande enn det meste du ser på ei scene. Dei tek alltid opp seriøse tema, som klimakrise og økosamanbrot i dette tilfellet, men utan å preike eller heve peikefingeren. I staden skildrar dei stoda gjennom action og ved hjelp av humoristiske, burleske og til dels rabiate verkemiddel. Publikum får aldri høve til å keie seg.

Dokkene dei nyttar, mange i full menneskestorleik, er forseggjorde, har ein tydeleg personlegdom og blir førte av svært profesjonelle dokkeførarar. Likeins er scenografien teknisk avansert og bidreg slik til å skape eit framtidssamfunn anno 2255. I The Immortal Jellyfish Girl møter vi ein maskert og komisk forteljar (Kirjan Waage) og fem anonyme dokkeførarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement