Teater

Vellukka svensk publikumsfrieri

Komediespel som fekk publikum til å juble.

Mikael Persbrandt ber framsyninga.
Mikael Persbrandt ber framsyninga.
Publisert

At Mikael Persbrandt i tillegg til alt anna er ein stor komikar, det har vi lenge visst. At han dessutan kan fri hemningslaust til publikum utan å øydeleggje framsyninga, fekk vi grundig dokumentert i det svenske gjestespelet under festspela. For den lettbeinte versjonen av Molière-klassikaren syntest meir innstilt på å forlyste enn å agitere, men slik må det kanskje bli når stoffet i den 350 år gamle farsen var heller usannsynleg alt då Molière skreiv han. Men kanskje er det også slik at regissør Stefan Larsson, som tek over som sjef på DNS ved årsskiftet, har litt av det same kommersielle genet som Bjarte Hjelmeland i si tid skrytte av at han sjølv hadde.

Molières siste

Denne farsen blei Molières siste. Han spelte sjølv tittelrolla og døydde straks etter at den fjerde framsyninga var over. Inga innbilling, altså. I stykket får legane flengjande kritikk for overmedisinering, slik det skjer især med norske born i dag, og for ein sterk vilje til å sjå sjukdom der slik ikkje finst. Og Argan, hovudpersonen, vil gjerne vere sjuk og slik kunne gjere krav på maksimal omsorg. Kanskje byggjer Molière på eigne røynsler her, for etter eit alvorleg samanbrot i 1665 blei han bortimot invalid, og dei siste åtte leveåra sett på diettar av det slaget han skriv om i stykket. Men legar hadde han gjort narr av også i tidlegare skodespel, dei var fast inventar i komediane på hans tid.

Sjuk hustyrann

Hypokonderen Argan (Persbrandt) får sine daglege tarmskyljingar og proppar seg med medisin av tvilsam art. Trass i at han meiner han er på dødens rand, har han styrke nok til å vere hustyrann. Og så har han fått det føre seg at dottera frå eit tidlegare ekteskap, Angela (Alexandra Zetterberg-Ehn), skal giftast bort til ein legeson som sjølv skal bli lege. Slik kan svigersonen gå han til hande både dag og natt – heilt gratis.

Men ho elskar ein annan, sjølvsagt, og det blir det lure tyendet Nettan/Toinett (Petra Mede, for norske tv-tittarar kjend frå Bonusfamiljen) som må rydde opp. Her går det som i så mange forvekslingskomediar av Molière – eller Holberg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement