Velklingande møte med Petter Dass
Petter er ei enkel historie som gjer god bruk av salmeskatten etter diktarpresten.
Hans-Erik Dyvik Husby spelar diktarpresten Petter Dass.
Foto: Ketil Born
Nordland Teater
Alf Knutsen:
Petter
Regi og scenografi:
Kristin Jørgensen
Komponist, arrangør
og dirigent: Knut Størdal
Å møte sjølvaste Petter Dass i hans eiga kyrkje på Alstahaug er ei spesiell oppleving. Og Hans-Erik Dyvik Husby, for mange kjend som Hank von Helvete i hardrock- og punkbandet Turboneger, har den nødvendige pondusen til å illudere den mektige soknepresten.
Saman med gode song- og musikkrefter og andre medverkande gjer han det nyskrivne kyrkjespelet minneverdig. Scenografien i det tronge kyrkjerommet er enkel, med eit segl som dominerande element.
Episodisk
Framsyninga er sydd over Mamma Mia!-leisten: Vi tek eit knippe av dei mest kjende Petter Dass-salmane, skaper ei enkel historie som bind dei ulike musikknummera saman, og køyrer laus. Resultatet er blitt episodisk, med glimt av livet hans frå han kom til Alstahaug i 1687 og fram til han døydde der tjue år seinare. I korte scener møter vi Hr. Petter som streng prest, mat- og vinglad livsnytar, handelsmann og jekteeigar og etter kvart mildare «fader» for sokneborna sine. Noko oppgjer med alle mytane som er vovne rundt denne segnomsuste figuren, tek ikkje framsyninga. Men det var vel heller ikkje meininga.
Petter er primært ei musikalsk framsyning, der Knut Størdals lekre arrangement av meir og (litt) mindre kjende Dass-salmar, mange tonesette med vakre folketonar, er supplerte med musikalske mellomspel og overgangar av same Størdal, som òg dirigerer. Med seg har han høgst kompetente fylkesmusikarar, som absolutt bidreg til å fylle kyrkjerommet frå mellomalderen med velklang. I eit spel som dette har kyrkjelyden ei viktig rolle, og når Nordland Teater fer omkring i fylket med framsyninga, nyttar dei lokale kor, her Alstahaug sangkor, supplert med medlemer frå Herøy sangkor og Nesna songlag. Koristane var plasserte langs langveggane på begge sider og gjorde god nytte for seg.
Nytt uttrykk
Men det songlege lyftet var det fire medlemer av vokalgruppa Vocal Art frå Bodø som sytte for. Dei hadde solistinnslag, bidrog med fleirstemt song og kanon. Slik blei Dass-salmane gitt eit nytt og friskare uttrykk og heva kraftig opp frå tradisjonell kyrkjelydsong. Utvalet av songar gav eit inntrykk av breidda i diktarprestens allsidige produksjon. Hovudtyngda var rett nok henta frå Katekismesanger, skrivne som poetiske kommentarar – forklarande og oppbyggjelege – til Luthers Katekisme. Men både Morgen- og Aftensange og ein bryllaupssong («Det hender så ofte en mann på sin tofte») er med.
Mykje handlar om Husby, sjølv om han syng mindre enn ein kanskje hadde venta. Sjølve skodespelaroppgåva, som ikkje er av dei mest krevjande, kjem han greitt frå. Men stundom kan det bli noko klisjéfylt over spelet hans.
Kyrkjelyden, altså vi, blir trekte med i salmesongen. Og til slutt tonar det heile ut i mektig allsong av prelatens mest slitesterke salme: «Herre Gud, ditt dyre navn og ære». Det gjer inntrykk.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det songlege lyftet var det fire medlemer av vokalgruppa Vocal Art frå Bodø som sytte for. Dei hadde solistinnslag, bidrog med fleirstemt song og kanon.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?