Teater

Varm nostalgi

Muntert, vemodig og hjartevarmt om kjærleik mellom brør i ein familie som har sine løyndommar.

Pål Rønning i regnet. Bak står Kjersti Elvik og Herman Ljung Opedal.
Pål Rønning i regnet. Bak står Kjersti Elvik og Herman Ljung Opedal.
Publisert

Stig Holmås er ein forfattar med hjarte for dei han skriv om, med evne til å skape situasjonar du trur på, og med eit språk rikt på poetiske kvalitetar. Slik er det også i romanen Regn frå 2009, og mykje av dette har regissør Anne-Karen Hytten fått med over i sceneversjonen ho har laga. I programheftet er det kalla ei dramatisering, men med det rommet forteljaren har fått i framsyninga, er nok scenisk forteljing ein minst like råkande karakteristikk.

Det er livet i ein liten kjernefamilie frå 1950-talet som blir framstilt på scenen, mor (Kjersti Elvik), far (Gerald Pettersen) og brørne Ole Johan (Pål Rønning) og Bjørnar (Herman Ljung-Opedal). Medan regnet pøser ned ute, effektfullt projisert på veggar og golv, rår tryggleiken inne. Ole Johan har stor omsut for veslebror sin, men opplever at det som skulle vere ei fin fødselsdagsgåve, endar i tragedie og sterk skuldkjensle. Og sjølv får han røyne at jenta han forelskar seg i, av ubehagelege grunnar er forboden frukt. Men han er ikkje den som lèt seg knekke, ikkje vil han gi opp bror sin heller.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement