Vakkert om livet
og kjærleiken
Ei framsyning der den originale scenografien gjer publikum til medspelarar i det som skjer.
Jørn Fuller Gee og Kristine Cornelie Margrete Hartgen spelar dei to som møtest etter mange år. Kristine Henriksen spelar kona hans.
Foto: Gisle Bjørneby
Hålogaland Teater
Jon Fosse:
Drøm om høsten
Omsett til nordnorsk av Ragnar Olsen
Regi: Victoria Meirik
Scenografi: Norunn Standal
Komponist: Anneli Drecker
Kostyme: Alva Brosten
Hålogaland Teater har eit prosjekt med å presentere Jon Fosse på nordnorsk, forsiktig «omsett» av Ragnar Olsen. For to år sidan presenterte dei Sonen/Sønnen, der dei nok gjorde litt meir ut av temaet fråflytting enn originalteksten gir rom for, men utan at det blei plagsamt. Denne hausten har dei teke for seg Draum om hausten, som i Tromsø har fått tittelen Drøm om høsten.
Mellom gravsteinar
Erfarne Victoria Meirik har regien, og ho har vore svært tru mot Jon Fosses tekst. Det mest spesielle ved denne oppsetjinga – og tvillaust det mest originale – er Norunn Standals scenografi. Handlinga går i sin heilskap føre seg mellom gravsteinane på ein kyrkjegard, og med sin særeigne scenografi har Standal gjort publikum til ein del av handlinga. Det er vi som utgjer kyrkjegarden, slik vi sit halvt nedsenka på rekke og rad, som både døde og gravsteinane deira, så kan personane i stykket vandre mellom oss. Vi er omslutta på alle sider av det som skjer.
Denne scenografien skaper ein nærleik til handlinga vi elles ikkje opplever i teateret, sjølv om avstanden til skodespelarane innimellom kan bli litt lang, slik kyrkjegarden her strekkjer seg over heile teatersalen. Scenografien gjer òg, trur eg, at når vi ved «teppefall» stig opp av grava igjen, kjenner vi oss nærast tvinga til å reflektere over det vi nettopp har vore med på. Kan hende gir plasseringa av stykket i eit nordnorsk språkunivers eit tilleggsmoment for folk nordfrå, men det scenografien tilfører, gjeld oss alle.
Med kyrkjegarden som arena ligg motsetninga liv–død sjølvsagt heilt oppe i dagen og inviterer til tankar om levd liv og kva ein kunne ha gjort annleis. Ikkje minst i kjærleiken, som står sentralt i Fosses tekst.
Ulike tidsplan
Framsyninga, som teksten sjølv, vekslar heile tida mellom ulike tidsplan, fortid, nåtid og framtid, det er som om tida er oppløyst. Kanskje har Fosse tenkt stykket som eit tilbakeblikk på livet frå ein som står på kanten av grava. Då får også den stadige vekslinga mellom lys og mørker, nærleik og avstand, som regien er bygd opp rundt, ein tydeleg funksjon. Dette kjem som ekko av dialogen mellom dei to som møtest på kyrkjegarden, to som har sett kvarandre før, fatta interesse for kvarandre, kanskje også forelsking, utan at det av ulike grunnar har blitt til noko meir.
Framsyninga er godt ensemblespel, der alle dei medverkande gjer ein fin innsats. Jørn Fuller-Gee og Kristine Cornelie M. Hartgen speler dei to som møtest etter mange år, og dei får fint fram både begjæret og uvissa. Han vert dessutan dregen mellom ønsket om å gi seg over til kvinna og truskap mot henne han er gift med. Som mor hans leverer Guri Johnson ei fin tolking, med små komiske innslag, medan far hans (John Sigurd Kristensen) og kona hans (Kristine Henriksen) blir meir fjerne. Anneli Dreckers spesialskrivne musikk legg seg i uttrykk og stemning tett opptil det som skjer i stykket, og kan stundom verke litt (for) anonym.
Men alt i alt er dette ei framsyning som absolutt ikkje gjer skam på vår ypparste samtidsdramatikar.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?