Teater

Vakker teatermonolog

Stemningsfull framsyning av evig aktuell klassikar.

Skodespelar Ragnhild Gudbransen har omarbeidd novella til teatermonolog.
Skodespelar Ragnhild Gudbransen har omarbeidd novella til teatermonolog.
Publisert

Karen Blixens snart 70 år gamle langnovelle er stadig like levande, og den røynde skodespelaren Ragnhild Gudbrandsen evnar å gi historia liv så du kjenner at dette stoffet framleis er aktuelt. Sist søndag hadde framsyninga premiere i Olsvik kyrkje i Bergen, og i vekene framover ventar ytterlegare 16 kyrkjer i Hordaland. Kanskje blir det turné i Sogn og Fjordane òg.

Gudbrandsen har sjølv lagt materialet til rette for scenisk framføring i ei naturleg blanding av forteljeteater og dramatisering, med henne sjølv åleine på scena den dryge timen framsyninga varer. Berre med varsam støtte frå Nils Økland på fiolin, fele og viola da gamba held skodespelaren den fullsette kyrkja fengsla frå byrjing til slutt.

Babettes gjestebod er ei forteljing om toleranse, medmenneskelegdom og kunst. Måltidet Babette, flyktning frå Pariskommunen i 1871, lagar til den vesle kyrkjelyden i for henne eksotiske Berlevåg 14 år seinare, er også kunst. Matkunst med evne til å løyse mellommenneskelege flokar og opne stengde sinn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement