Usikker tosemd
Bringar Fosse tilbake til det minimalistiske utgangspunktet.
Ola G. Furuseth (t.v.) spelar Mannen, Joachim Rafaelsen er Han og Birgitte Larsen Ho.
Foto: Det Norske Teatret
Det Norske
Teatret, Scene 2
Jon Fosse:
Nokon kjem til å kome
Regi: Kai Johnsen
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Komponist: Henrik Hellstenius
Kai Johnsen er regissøren som så å seie etablerte Jon Fosse som dramatikar. Men det aller første stykket Fosse skreiv, Nokon kjem til å kome, har han aldri regissert før no. Det var verdt å vente på.
Dette stykket om Han (Joachim Rafaelsen) og Ho (Birgitte Larsen), som vil trekkje seg tilbake frå verda og leve i isolasjon og dyrke kjærleiken sin, viser kor umogleg eit slikt prosjekt er. Og Kai Johnsens minimalistiske tolking illustrerer tydeleg det vonlause i dette. Han lèt spelet utfalde seg i mørket på ein naken scene, det er lenge før vi i det heile teke får eit glimt av skodespelarane, og han viser både ved å la aktørane kome inn frå kvar si side, ved ofte å plassere dei langt frå kvarandre og ved å la dei forlate scenen kvar for seg, at dette er eit samliv som ikkje har gode utsikter. Nærast kvarandre kjem faktisk Ho og «inntrengjaren», mannen som har selt dei det målingsslitne huset (Ola G. Furuseth).
Alt i spelet, også husveggen som blir flytta nærmare publikum og skapar ei kjensle av klaustrofobi, fortel at ønsket om å vere «åleine saman i kvarandre» mest er ein illusjon. Og vitnar ikkje også flukta frå byen om ein kjærleik som i utgangspunktet ikkje er sterk nok til å kunne overleve særleg press? Skodespelarane meir høyrer enn ser vi, men dei maktar å gi dialogen ei tyngd som gjer at det dristige eksperimentet lykkast. Ingen liten prestasjon.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det Norske
Teatret, Scene 2
Jon Fosse:
Nokon kjem til å kome
Regi: Kai Johnsen
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Komponist: Henrik Hellstenius
Kai Johnsen er regissøren som så å seie etablerte Jon Fosse som dramatikar. Men det aller første stykket Fosse skreiv, Nokon kjem til å kome, har han aldri regissert før no. Det var verdt å vente på.
Dette stykket om Han (Joachim Rafaelsen) og Ho (Birgitte Larsen), som vil trekkje seg tilbake frå verda og leve i isolasjon og dyrke kjærleiken sin, viser kor umogleg eit slikt prosjekt er. Og Kai Johnsens minimalistiske tolking illustrerer tydeleg det vonlause i dette. Han lèt spelet utfalde seg i mørket på ein naken scene, det er lenge før vi i det heile teke får eit glimt av skodespelarane, og han viser både ved å la aktørane kome inn frå kvar si side, ved ofte å plassere dei langt frå kvarandre og ved å la dei forlate scenen kvar for seg, at dette er eit samliv som ikkje har gode utsikter. Nærast kvarandre kjem faktisk Ho og «inntrengjaren», mannen som har selt dei det målingsslitne huset (Ola G. Furuseth).
Alt i spelet, også husveggen som blir flytta nærmare publikum og skapar ei kjensle av klaustrofobi, fortel at ønsket om å vere «åleine saman i kvarandre» mest er ein illusjon. Og vitnar ikkje også flukta frå byen om ein kjærleik som i utgangspunktet ikkje er sterk nok til å kunne overleve særleg press? Skodespelarane meir høyrer enn ser vi, men dei maktar å gi dialogen ei tyngd som gjer at det dristige eksperimentet lykkast. Ingen liten prestasjon.
Jan H. Landro
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.