Teater
Ujamt
Svik og forviklingar på kvitt papir.
Kenneth Homstad spelar Benedikt, medan Mari Hauge Einbu har rolla som Beatrice.
Foto: Bengt Wanselius
Det mest originale ved denne oppsetjinga er at ikkje berre heile (den enkle) scenografien, men også rekvisittane, til dømes sverd og fleire blåseinstrument, er laga av kvitt papir. Papir blir likeins nytta til å markere grenser mellom folk når lengder av industripapir blir rulla ut på scenen. Dette grepet fungerer godt, ein viss komisk effekt har det også.
Spesielt er det elles at regissøren lèt første akt spele seg ut i lobbyen, før vi blir geleida inn i teatersalen. Poenget med det verkar meir uklart. Effekten like så, især fordi det blir eit for langt opphald før publikum har funne plassane sine. Inne i salen får vi servert hovudbolken av Shakespeares gamle historie om forviklingar og svik, mistak og narrespel. Somme scenar er komiske fulltreffarar medan andre verkar slappare. Med tanke på at regissør Runar Hodne har vore nokså tru mot originalteksten, blir det desto vanskelegare å skjøne kvifor han ved kutt i teksten har gjort løysinga på floken unødvendig brå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.