Trettiårskrigen på kaféteater
Det harske antikrigsstykket rammar enno, men her er det òg forvirrande.
Laila Goody i rolla som Mor Courage.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret, Amfiscenen:
Berthold Brecht:
Mor Courage
Omsett av Øyvind Berg
Omarbeidd av Runar Hodne og Hege Randi Tørresen
Regi: Runar Hodne
Scenografi og kostyme:
Erlend Birkeland
Musikalsk leiing:
Per Christian Revholt
Berthold Brecht hadde like før krigen ei grell og klår melding til verda med stykket om Mor Courage, den ambivalente kona som vil både verje ungane sine mot krigen og tene pengar på han, bruke krigen som levebrød.
Det er trass i den antisentimentale grunnstammen eit særs gripande stykke, og det kan ofte gjere oss rørte, paradoksalt nok, for det var jo det Brecht nett ikkje ville. Han ville ha publikum opprørte. Ikkje rørte. Alle oppsetjingar av stykket må ta stilling til det dilemmaet. Kor mykje framandgjering kan publikum tole – og skjøne?
Originalmusikk
Nationaltheatret har denne gongen valt Paul Dessaus originalmusikk til stykket. Det gjev framsyninga ei rank ryggrad, for skodespelarane meistrar faktisk å integrere dei melodisk ulogiske songane i rollene. Det imponerer.
Kva så med det visuelle uttrykket? I eit så pass nøkternt stykke bør ein jo helst ikkje fortape seg i realistisk illusjon. Likevel verkar det å dra det litt langt å la stykket gå føre seg i eit kaféteater, der vi åskodarane sit ved småbord med lamper på. Kjenner ein seg forplikta til å hinte til det dekadente Berlin, berre av di det er Brecht og musikkteater? Her føler vi vel at framandgjeringa blir så langstrakt at vi mest mister tråden i handlinga.
Stykket skal i tillegg, ifølge førehandsomtalene, innebere både brei folkekomedie og alvorleg drama. Den alvorlege dramabiten sit godt, men folkekomedien blir valen og tvungen, truleg av di han vantar jovial publikumsappell. Dei galgenhumoristiske replikkane vert stort sett hengande i lufta.
Eldsprakande energi
Spelemessig er det mykje å glede seg over, sjølv om Laila Goody i tittelrolla nok manglar det vesle sneven av kynisme. Hennar Courage-kjerring er først og fremst ei desperat mor. Som det er ho til gjengjeld fullt overtydande. Det er òg tøff og eldsprakande energi over figurane til Erland Bakker som feltpresten, Jan Sælid som kokken og Mariann Hole som den desillusjonerte Yvette. Helene Naustdal Bergsholm er uttrykksfull som den stumme dottera Kattrin.
Det er absolutt kraft over Mor Courage denne gongen, men eit endå enklare uttrykk kunne gjeve eit endå sterkare inntrykk.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.