Teater
Terror sekund for sekund
Ei teateroppleving av dei sjeldsynte. Stort tenkt og stort utført.
Ingen skodespelar står på scena.
Foto: Tore Vagn Lid / Transiteatret-Bergen
Lytt til artikkelen:
Tore Vagn Lid har rekonstruert den fatale ettermiddagen 22. juli 2011, heilt utan skyting og ytre drama, men med uvisse, tvil og stigande frykt etter kvart som vi får vite meir og meir. For denne framsyninga ber oss gløyme det vi veit om udåden, og uvitande følgje det som skjer dei tre timane, åtte minutta og 38 sekunda frå smellet i Regjeringskvartalet til terroristen overgir seg. Her er mange spørsmål og veksande forvirring, men få svar og ingen forklaringar, berre forhasta spekulasjonar.
Sekund for sekund
Til å hjelpe seg har Lid henta inn rikhaldig teknologisk utstyr, video og autentiske radio- og TV-klipp, eit team av «teknikarar», teiknarar, musikarar og kor. I «sann» tid, på ein skjerm, lèt dei oss følgje utviklinga sekund for sekund, akkompagnert av ein tikkande metronom.
Intensjonen er å skape om igjen det som var ein heilt alminneleg sommarettermiddag – inntil vondskapen blei sleppt laus og galskapen gradvis byrja gå opp for dei involverte og dei stadig fleire som lytta til nyhendesendingane.
Som publikum får vi følgje køyreturen frå Regjeringskvartalet til kaia ved Tyrifjorden og fram til terroristen sette over fjorden og drap for fote på Utøya. Stundom lukkast dette så godt at eg kjenner elingar av gru rase gjennom kroppen. Som når perkusjonisten Terje Isungset bankar fram uhygga undervegs, eller då stilla berre blir broten av metronomens lagnadstunge tikking idet ferja nærmar seg ungdomsøya.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.