Teater

Teater tappa for kraft

Den sceniske versjonen av De usynlige yter ikkje romanen rettferd.

Dei fem vekslar mellom å spele og fortelje.
Dei fem vekslar mellom å spele og fortelje.
Publisert Sist oppdatert

Farsotta med å lage teater av suksessromar har også bite seg fast i Nord-Noreg. Og kva er då meir naturleg enn å ta for seg første bandet av Roy Jacobsens trilogi om Ingrid og folka på Barrøy? Men oftast blir det meir forteljeteater enn dramatisering, slik også i Tromsø. Og då går mykje tapt, også nerven.

Fiktive Barrøy på Helgelandskysten, «en tom og øde øy i havet», er scenen for stykket. Her lever og slit Hans Barrøy (Trond Peter Stamsø Munch) for utkoma med den vesle familien sin. Ingrid (Trude Øines), som etter kvart blir hovudpersonen, møter vi som treåring, og vi følgjer utviklinga hennar fram mot vaksen kvinne og den som tidleg må ta styringa og ansvaret for det vesle øysamfunnet.

På ei lita forhøgning vekslar dei fem medverkande mellom å fortelje og spele. Framsyninga blir fragmentarisk og oppstykka. Eg sit med inntrykk av at Andersen har fare over romanteksten med ostehøvel og skore jamt over det heile, for her skal det meste med. Betre hadde det truleg vore om han hadde konsentrert handlinga om færre episodar og gjort meir ut av dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement