Teater

Teater som gjer inntrykk

Enkle verkemiddel, enkle ord, men ei autentisk historie som får fornya aktualitet.

Sturla Alvsvåg spelar sonen og Liv Bernhoft Osa mora i familien Telle.
Sturla Alvsvåg spelar sonen og Liv Bernhoft Osa mora i familien Telle.
Publisert

Når Telavåg-tragedien, eit av dei verste krigsbrotsverka her i landet under okkupasjonen, etter 80 år er blitt teater, kjennest det heilt rett at det skjer i form av eit dokudrama. For det som skjedde der ute ved havet i april 1942, og det som befolkninga deretter blei utsett for, er i seg sjølv så sterkt at her trengst korkje krigsromantikk eller «kunstige» verkemiddel.

Tvert imot opplever eg det som ein styrke at den røynde dramatikaren Stig Amdam i svært stor grad har nytta autentisk materiale i dialogane, og at sjølve framsyninga presenterer det sterke stoffet på ein til tider nøktern og enkel måte. At stykket blir spelt i Gestapohuset, der fleire av folka frå Telavåg blei torturerte, gjer opplevinga endå sterkare. Amdam har sjølv hatt hand om regien, og slik sytt for at det dramatiske på fint vis blir balansert mot det stillfarne.

Forspel til tragedien

På og kring den enkle scena med eit fåtal rekvisittar utspeler dramaet seg med familien Telle – Martha (Liv Bernhoft Osa) og Laurits (Lasse Lindtner), dottera (Reidun Melvær Berge) og sonen (Sturla Alvsvåg) – i sentrum. Det var ekteparet som organiserte transporten av folk til Shetland og tok imot agentar og våpen i retur.

Stykket syner litt av forspelet til tragedien, kva som skjer etter at to gestapistar blir drepne, og korleis okkupasjonsmakta deretter, på direkte ordre frå Hitler, gjer ei heil bygd til inkjes. Det følgjer også deporteringa av dei 268 innbyggjarane – alle arbeidsføre menn mellom 16 og 60 til Sachsenhausen, kvinner og born via internering på Storetveit skule i Bergen til Framnes Folkehøgskule i Hardanger.

Fleire av dei heilt unge gutane skulle også sendast til Tyskland, men legen Konrad Birkhaug lurte tyskarane og berga gutane. Historia fekk også eit vondt etterspel i den atterreiste bygda, der Martha og mannen fekk skulda for tragedien. «Eg kjende meg aldri velkomen i Telavåg», seier Martha seinare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement