Teater

Sterkt om familierelasjonar

Dette er ikke oss er eit spennande, nyskrive stykke om ein familie i oppløysing.

Husregissør Annika Silkeberg har regien på tingingsverket frå Monika Isakstuen.
Husregissør Annika Silkeberg har regien på tingingsverket frå Monika Isakstuen.
Publisert

Forfattaren Monica Isakstuen liker å pirke i «det stygge» i mennesket. I Dette er ikke oss nøyer ho seg ikkje med å pirke. Til tider grev ho djupt i skiten, men syner samstundes det tvitydige som bur i oss. Med dette stykket og Se på meg når jegsnakker til deg (2019), gir ho det såkalla relasjonsdramaet eit forfriskande lyft.

Framandgjering

Tittelen ber bod om at dette ikkje er rein realisme. Rollelista fortel det same, for personane på scenen er ikkje berre Mor (Reny M. Gaassand Folgerø), Far (Eirik del Barco Soleglad), Søster (Emilia Roosmann) eller Bror (Thomas Bipin Olsen). Nei, dei heiter «Min Mor», «Min Far» og så vidare, som om dei blir sette utanfrå av ein femte, manglande medlem.

Og gjennom det meste av framsyninga insisterer alle på at dei er ikkje seg sjølv. Slik opnar stykket for eit spel om identitet og framandgjering, nærleik og avstand, draum og røyndom, med stadige visittar inn i det absurde.

Framfor alt handlar dette om relasjonar, om fire medlemer av ein dysfunksjonell familie, som det meste av tida utfordrar kvarandre, og der mykje blir feiltolka og teke i verste meining. Særleg er forholdet vanskeleg mellom Mor og ei trassig tenåringsdotter. Far held seg helst i bakgrunnen og freistar roe ned situasjonen, medan sonen helst vil gjere alle til lags, især den fortvila-sinte mora.

Under ligg kanskje, kanskje ikkje tapet av ein liten bror/son, som eit ekko av Edward Albees Kven er redd for Virginia Woolf?, som stykket også i somt anna kan minne om. Er det slik at dei har mist eit barn, kan sorga vere ei forklaring på det som har fått denne familien til å drive frå kvarandre, og den desperasjonen som stundom kjem til uttrykk. Og som gjer det naudsynt å sjå det som skjer på scenen, frå avstand, gjennom det manglande eget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement