Sterkt om ekteskap i vranglås
Imponerande regidebut og framifrå samspel på liv og død.
Madeleine Brandtzæg Nilsen har rolla som Alice, og ektefellen, Øyvind Brandtzæg, spelar ektefellen Edgar.
Foto: Ole Ekker
Trøndelag Teater, Studioscenen
August Strindberg:
Dødsdansen
Omsett av Kjell Askildsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
På Trøndelag Teater er Studioscenen omskapt. Det som møter oss, er ein opphøgd, oval konstruksjon med blankt golv og ditto tak, og med søyler som fører tankane til ein lukka arena for kampsport. Publikum er plasserte heilt inntil kamparenaen. I kvar ende av ovalen sit dei to hovudpersonane, tolka av skodespelarekteparet Øyvind Brandtzæg og Madeleine Brandtzæg Nilsen, og snakkar til kvarandre med størst mogleg avstand. Kampen kan byrje.
Begge har sett livet gå forbi, og dei veit å leggje skulda på kvarandre – og på alle andre, som dei med åra har distansert seg frå, især han. Det som kan ha funnest av kjærleik, er tørka ut, erstatta av bitterheit og vonde skuldingar. Ikkje stort å markere sølvbryllaup for. Inn i ormebolet kjem ein tredje person (Ole Christian Gullvåg), som uvitande og uforståande blir katalysator for ein vond maktkamp. Men underleg nok kanskje også får ein terapeutisk effekt.
Samspelet og regien gjer dette til ei sjeldsynt framsyning, eit møte med menneskeleg fornedring og sjølvfornedring, berre stundom lyst opp av mørk humor. Regidebutant Longva har forma spelet til eit tett og intenst kammerdrama med små metagrep som òg lettar på stemninga. Dei to i hovudrollene utviklar portretta til truverdige, nyanserte menneske eg kjenner både forakt og den djupaste medynk for. Heile framsyninga er teater på eit nivå vi ikkje ofte opplever på landets mange scenar.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Trøndelag Teater, Studioscenen
August Strindberg:
Dødsdansen
Omsett av Kjell Askildsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
På Trøndelag Teater er Studioscenen omskapt. Det som møter oss, er ein opphøgd, oval konstruksjon med blankt golv og ditto tak, og med søyler som fører tankane til ein lukka arena for kampsport. Publikum er plasserte heilt inntil kamparenaen. I kvar ende av ovalen sit dei to hovudpersonane, tolka av skodespelarekteparet Øyvind Brandtzæg og Madeleine Brandtzæg Nilsen, og snakkar til kvarandre med størst mogleg avstand. Kampen kan byrje.
Begge har sett livet gå forbi, og dei veit å leggje skulda på kvarandre – og på alle andre, som dei med åra har distansert seg frå, især han. Det som kan ha funnest av kjærleik, er tørka ut, erstatta av bitterheit og vonde skuldingar. Ikkje stort å markere sølvbryllaup for. Inn i ormebolet kjem ein tredje person (Ole Christian Gullvåg), som uvitande og uforståande blir katalysator for ein vond maktkamp. Men underleg nok kanskje også får ein terapeutisk effekt.
Samspelet og regien gjer dette til ei sjeldsynt framsyning, eit møte med menneskeleg fornedring og sjølvfornedring, berre stundom lyst opp av mørk humor. Regidebutant Longva har forma spelet til eit tett og intenst kammerdrama med små metagrep som òg lettar på stemninga. Dei to i hovudrollene utviklar portretta til truverdige, nyanserte menneske eg kjenner både forakt og den djupaste medynk for. Heile framsyninga er teater på eit nivå vi ikkje ofte opplever på landets mange scenar.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.