JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Sterkt
om demens

Det som gjer Far spesielt, er at forfattaren ser alt som skjer frå hovudpersonens perspektiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stykket viser at demens òg er ei påkjenning for dei næraste. Kamilla Grønli Hartvig i rolla som dottera og Stig Amdam som faren.

Foto: Ane Bysheim

3154
20180309
3154
20180309

Den Nationale Scene, Teaterkjelleren

Florian Zeller:

Far

Omsett av Olav Torbjørn Skare
Regi: Victoria H. Meirik
Scenografi og kostyme:
Olav Myrtvedt

Det er visst eit teikn i tida at demens og Alzheimers sjukdom stadig oftare er tema for film og teater. For mindre enn eit år sidan synte Den Nationale Scene Frode Gryttens Albert og Anna. No får Zellers stykke noregspremiere på same scene, igjen med fine prestasjonar.

Når gamle André ikkje kjenner att personar, men trur nokon freistar lure han, opplever publikum det same. Alt han ser og høyrer, ser og høyrer vi. Derfor blir vi først usikre; er det faktisk nokon som freistar gjere han gal, som i Hitchcock-klassikaren Gasslys? Da siste ord er sagt, kan vi ikkje sikkert vite kva av det vi har sett som er sant, og kva som er hallusinert.

Prestasjon

I sine snart tretti år ved Den Nationale Scene har Stig Amdam truleg aldri levert ein finare prestasjon enn denne. Han syner oss ein patriark av det gamle slaget, sjølvtrygg og heilt utan innsikt i det som held på å skje med han. Han trur at heimehjelpa, som han sjølvsagt ikkje treng, stel frå han. Likeins trur han at framande lurer seg inn til han, for han kjenner dei ikkje att. Og han omtalar ei død dotter som om ho framleis finst.

Steg for steg følgjer vi den aukande forvirringa, fortvilinga og hjelpeløysa fram til han berre roper på mor si. I brå kast vekslar han mellom å kjenne seg som situasjonens herre og ein som blir manipulert og ynkeleggjort. Det nyanserte spelet lèt oss ta del i forfallet, frå stadium til stadium. Nettopp kontrasten mellom gammal stordom og det denne mannen no er redusert til, kallar på kjenslene våre. Og sidan vi opplever det André opplever, er det heller ikkje vanskeleg å møte han med stor empati.

Vanlagnad

Spesielt er òg korleis stykket syner kva for påkjenning dette er for dei nærmaste. Her er det dottera som må bere dei tyngste børene, og etter ei litt nølande opning speler Kamilla Grønli Hartvig seg opp som den som må forstå, snakke til rette og dels dekkje over. Slik er ho ikkje berre med på å gjere Amdam god, rolleskikkelsen hennar tydeleggjer også kva ein som pårørande står andsynes når ein kjær familiemedlem går mentalt i oppløysing. Denne sida av demensen ser vi ikkje så ofte tydeleggjort i film eller teater.

Røynde Olav Myrtvedt rammar framsyninga inn i ein scenografi med element som minner om sprinklar i ei fengselscelle. På det viset illustrerer han ikkje berre «fangelivet» gamle André må leve, kapsla inn i si eiga forvirring, men også korleis den pliktoppfyllande dottera er fanga inn av farens vanlagnad, som ho ikkje kan fri seg frå. Noko ein kunne ønskje, men som det knapt er rom for innanfor dette stykket, er ei drøfting av kor langt dei nærmaste skal måtte strekkje seg for å ta hand om ein far eller ei mor som ikkje lenger kan hjelpe seg sjølv.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I sine snart tretti år ved Den Nationale Scene har Stig Amdam truleg aldri levert ein finare prestasjon enn denne.

Jan H. Landro

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis