Sterkt og effektrikt rockedrama
Trøndelag Teater byr på ein fornya klassikar i stilsikker utføring.
Olve Løseth som Jesus og Myroula Røe som Soulgirl.
Foto: Ole Ekker
Trøndelag Teater, Hovudscenen
Andrew Lloyd Webber og Tim Rice:
Jesus Christ Superstar
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiing og orkesterarrangement: Åsmund Flaten
Koreografi: Roger Lybeck
Scenografi: Martin Chocholousek
Kostyme: Annsofi Nyberg
Ronny Danielsson har fornya denne oratoriumliknande klassikaren blant rockeoperaane, og etter 50 år kan det vere på sin plass. Den mest slåande endringa er at Jesus (Olve Løseth) i denne versjonen er gjort til meir av ein menneskeson med kjensler og reaksjonar vi dødelege kan kjenne oss att i. Det skjer ikkje på kostnad av Judas (Mads Bones) eller Maria Magdalena (Silje Lundblad), men som ein kunstnarleg tilvekst som gir dramaet større djupne. Vi ser, og høyrer, korleis det som skjer kring han, går inn på han, korleis han kjempar med seg sjølv for å kunne fullføre den umenneskelege oppgåva som er lagd på han.
Samstundes er den negative sida av Judas-rolla gjort slik at den kampen vi kan tenkje oss at også han må ha kjempa, blir tydelegare. Han er jo også eit offer; utan han, inga soning. Og Maria Magdalena er også gjort litt friare og meir «moderne» enn vi ofte elles har opplevd denne skikkelsen.
Samla gir dette framsyninga ein sterk dynamikk, som også blir støtta av musikken og den tydelege (men ikkje overtydelege) effektbruken. Også i denne versjonen er krava til songrøyst større enn krava til skodespelartalent. Sjølv om dei tre i dei leiande rollene slett ikkje spelar seg bort, er det songprestasjonane og det musikalske som gjer sterkast inntrykk.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Trøndelag Teater, Hovudscenen
Andrew Lloyd Webber og Tim Rice:
Jesus Christ Superstar
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiing og orkesterarrangement: Åsmund Flaten
Koreografi: Roger Lybeck
Scenografi: Martin Chocholousek
Kostyme: Annsofi Nyberg
Ronny Danielsson har fornya denne oratoriumliknande klassikaren blant rockeoperaane, og etter 50 år kan det vere på sin plass. Den mest slåande endringa er at Jesus (Olve Løseth) i denne versjonen er gjort til meir av ein menneskeson med kjensler og reaksjonar vi dødelege kan kjenne oss att i. Det skjer ikkje på kostnad av Judas (Mads Bones) eller Maria Magdalena (Silje Lundblad), men som ein kunstnarleg tilvekst som gir dramaet større djupne. Vi ser, og høyrer, korleis det som skjer kring han, går inn på han, korleis han kjempar med seg sjølv for å kunne fullføre den umenneskelege oppgåva som er lagd på han.
Samstundes er den negative sida av Judas-rolla gjort slik at den kampen vi kan tenkje oss at også han må ha kjempa, blir tydelegare. Han er jo også eit offer; utan han, inga soning. Og Maria Magdalena er også gjort litt friare og meir «moderne» enn vi ofte elles har opplevd denne skikkelsen.
Samla gir dette framsyninga ein sterk dynamikk, som også blir støtta av musikken og den tydelege (men ikkje overtydelege) effektbruken. Også i denne versjonen er krava til songrøyst større enn krava til skodespelartalent. Sjølv om dei tre i dei leiande rollene slett ikkje spelar seg bort, er det songprestasjonane og det musikalske som gjer sterkast inntrykk.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.