Teater

Sterkt drama om eksistensielle verdiar

Ei rå framsyning som kan få oss alle til å lure på kva som er meininga med livet.

Ungdommane kjempar ein kamp om eksistensiell meining.
Ungdommane kjempar ein kamp om eksistensiell meining.
Publisert

Kor mykje tenkjer vi eigentleg gjennom dei verdiane vi prøver å leve etter? Kva er det som gir livet meining?

Dette stykket for ungdom, som er like eigna for vaksne, tek oss gjennom ein tekst som lag for lag drøftar meininga med livet. Og det skjer i ei utfordrande form. På ein kvadratisk scene med publikum plassert på alle fire sidene, skal det utkjempast ein kamp om eksistensiell meining og verdiar mellom fleire skuleungdommar, spelte av ferske skodespelarar.

Pierre Anthon (Iver Innset) har komme til den konklusjonen at livet har inga meining. Derfor sluttar han på skulen og set seg i eit plommetre. Dette provoserer vennene hans så kraftig at dei set seg føre å demonstrere at det finst verdiar som gir meining. Men i kampen for å vise dette, provoserer dei kvarandre til stadig meir ytterleggåande handlingar. Det er som eit ekko av klassikaren Fluenes herre, men kanskje hakket meir skremmande. Og oppe i plommetreet sit han som er opphav til det heile, og stiller spørsmål ved det dei prøver å prove.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement