Teater
Spor av gamle dagar
Oppdrag Mottro er ei fin blanding av skjemt og alvor, nostalgi og nøkternheit. Og (feil)erindring.
Linda Eide byggjer framsyninga på telefonsamtalar med Mottro.
Foto: Ane Byheim
Linda Eide er ikkje berre «skeiv» i seksuell tyding, noko ho gjer eit nummer av i opninga av showet sitt, ho har også eit velsigna skeivt blikk på mykje kring seg. Ikkje minst fortida, både si eiga og den ho etter kvart skjønar at Mottro, mor hennar, har hatt. Og i typisk slentrande stil tek ho publikum inn i ei verd der det kvardagslege kjennest underleg, og fortida får oss til å skjøne kor mykje tilværet har endra seg på eit par generasjonar.
Stoffet er velkjent for dei som har lese boka Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar (2012). Det byggjer på telefonsamtaler Linda har hatt med mor si gjennom fleire år. Sjølv om korkje mora eller stemma hennar er med, blir ikkje framsyninga ein rein monolog. For skodespelar Liv Bernhoft Osa har lese inn replikkane frå mora, slik at dette òg får karakter av dialog. I tillegg fargelegg videoinnslag og hermetisk musikk noko av det som blir sagt.
Det første som slår meg, er at Mottro er ei uvanleg klok, slagferdig og veltalande dame med perspektiv på mangt. Ho er òg miljømedviten og ikkje ei som kastar ting som framleis kan nyttast, som den svarte bakelittelefonen frå 1950-åra. Dessutan er det tydeleg at Linda er den nostalgiske av dei. Mottro høyrer heime i notida og har eit nøkternt forhold til gamle dagar. I spenninga mellom desse posisjonane ligg noko av forklaringa på at dette stoffet treffer så mange.
Då Linda bekymra spør om mora ikkje fekk leve ut personlegdommen sin, får ho kontant svar: Det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst, hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leve han ut.
Betre kan generasjonsskilnaden knapt oppsummerast.
Småfilosofisk kan Linda også bli. Som når ho lurer på om dei som levde i gamle dagar, følte at dei levde i gamle dagar i si eiga notid? Tid er sjølvsagt eit gjennomgåande tema i showet. Ikkje berre fortid og notid, men også «si tid» – kva no det kan vere. Og sjølvsagt mysteriet «gamle dagar», som går som ei renning gjennom heile denne veven.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.