Teater

Skrekkromantikk for gammal og ung

Ei litt for komprimert dramatisering av Maria Gripe-klassikar.

Jonas Skjelde og Anne Wiig i fint samspel.
Jonas Skjelde og Anne Wiig i fint samspel.
Publisert

Denne skrekkromantiske 70-talsklassikaren, først skriven som høyrespel og så gitt bokform, høyrer til den delen av Maria Gripes forfattarskap som blir karakterisert som allalderlitteratur. Og framsyninga tek vare på dette, her er noko for både vaksen og ung.

Sjeldan ser ein scenografi og lys/video vere nærast avgjerande for ein teatersuksess, men utan det Tora Troe og Silje Grimstad har skapt på scenen, ville denne framsyninga blitt noko heilt anna. Og neppe betre. Likeins er Selma Frida Stangs nykomponerte musikk med på å lyfte sluttresultatet. Saman bidreg desse til den undringa boka er så rik på.

Historia er ei blanding av notid og fortid, røyndom og overnaturlege innslag, kvardag og kjærleik. Men det spørst om ikkje Miriam Prestøy Lie skulle ha skore meir ned på dei mange elementa, for no blir dette stundom litt for heseblesande og til dels uoversiktleg (sjølv for ein som har lese boka).

Dei tre ungdommane Annika (Anne Wiig), Jonas (Jonas Skjelde) og David (Petter Winther) kjem ved eit tilfelle ut for eit mysterium knytt til ein gammal villa og ein fleire hundre år gammal tragedie. Det utløyser heftig aktivitet både i og utanfor villaen, etter kvart også på den lokale kyrkjegarden i den fiktive småbyen Ringaryd i svenske Småland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement