Teater
Scener frå ei tid som er borte
Eg er i går byr på ein mosaikk av folkeleg glede og vemod.
Dansande amatørar presenterer glimt frå levd liv.
Foto: Sogn og Fjordane Teater
Basert på intervju med tolv personar mellom 71 og 101 år har teatersjef Bodil Kvamme sydd saman ei framsyning der fire skodespelarar – Marit Østbye, Annlaug Børsheim, Claus Sellevold og Kyrre Eikås Ottersen – og seks dansande amatørar av den eldre garde presenterer glimt frå levd liv i Sogn og Fjordane. Her møter vi historiene til vanlege menneske som minnest likt og ulikt frå mellomkrigstida og fram til i dag. Mot bakveggen blir autentisk fotomateriale frå desse liva synte fram, og noko som kan minne om ein slagerparade av gamle poplåtar, gjer det klart kvar tidsmaskina har bringa oss.
For eit godt vakse publikum må det verke vemodig, for unge menneske heller fortone seg som uendeleg fjernt, ei tid i nøysemd og forsaking og med enkle, men ikkje desto mindre, gode gleder.
Bodil Kvamme har stykka opp stoffet slik at det aldri er tale om tolv forteljingar, men ein mosaikk som gir dynamikk og variasjon til framsyninga. At fylket hadde berre éin by (Florø) fram til 1990-åra, viser att i utvalet: Alt dreier seg om livet på landsbygda. Ikkje berre gardsarbeid og fiske, men også industri og andre næringar. Minst like sentralt er tilværet utanom arbeidsplassen, frå oppvekst og skulegang til ekteskap, barnefødslar, samliv og – i somme tilfelle – død og sakn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.