Teater
Rått og sterkt
Engelen frå Kobane er intenst og nærgåande om krigsgalskap.
Madalena Sousa Helly-Hansen er åleine på scena.
Foto: Thor Brødreskift
Sjeldan har eg sett ein monolog ha så lite monologpreg som denne. Det kjem av ein regi med sterk vekt på rørsle, og ein skodespelar som heile tida agerer med heile seg og slik dreg oss inn i framsyninga. Resultatet er sterkt og godt.
Med eit minimum av rekvisittar og med avgrensa fysisk spelerom tar Madalena Sousa Helly-Hansen oss med til byen Kobane heilt nord i Syria, på eitt tidspunkt ein av frontane i kampen mot IS. Der kjem vi tett inn innpå ei ung jente, kurdiske Rehana, som sterkt mot sin vilje får lære kva borgarkrig er, og kva terroristane i IS kan vere i stand til. Historia byggjer på lagnaden til ei ung kvinne som truleg berre var ein fiksjon, men det Rehana opplever og blir utsett for, skal vere henta frå ulike syriske lagnader.
Historia går ikkje direkte inn i krigens gru, men tek først vegen om Rehana, far hennar og den vesle garden deira med frukttre som er heilagdomen til faren. Han vil helst at ho skal ta over garden, men ho vil bli advokat. Så kjem krigen, og IS og veltar alle planar. Familien er jesidi-kristne, og i tillegg til det regionale får også den religiøse dimensjonen ein plass i det som skjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.