JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Rapport frå det nye arbeidslivet

De ansatte er framifrå samtidskritikk i science fiction-form.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei tilsette er likt kledde og personlegdommen redusert til den funksjonen dei har.

Foto: Sebastian Dalseide / Den Nationale Scene

2427
20220603
2427
20220603

Den Nationale Scene, Lille Scene

Olga Ravn:

De ansatte

Omsetjar: Elin Grinaker
Dramatisering: Miriam Prestøy Lie og Idun Vik
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi og kostyme: Thale Kvam Olsen
Komponist: Selma Frida Stang

Nok ein roman som blir teater, og merkeleg nok i bokmålsdrakt trass i at det finst ei framifrå – og betre – nynorsk omsetjing av Inger Bråtveit. Er det språkleg berøringsangst som gjer seg gjeldande? Suksessforfattar Olga Ravns korte sci-fi-historie, som ho sjølv kallar ein arbeidsplassroman, var i si tid kortlista til den prestisjetunge Bookerprisen, og så langt eg kan sjå, yter sceneversjonen originalen rettferd, sjølv om somme av premissane er blitt borte.

Handlinga går føre seg i det 22. hundreåret, om bord i romstasjonen «Det sekstusende skip», som er arbeidsplass for fleire hundre menneske og kunstig skapte menneskeliknande vesen (slike som ikkje klagar og ikkje kan døy). Romanen har form av vitneutsegner frå 97 personar – i scenestykket komprimert til seks.

Bakgrunnen er at ein på denne romstasjonen har teke om bord ei rad objekt frå ein framand planet, desse vekkjer farlege minne og endrar relasjonane mellom dei tilsette og forstyrrar arbeidsgangen. Derfor ønskjer eit utval å spørje ut dei tilsette om tilhøvet dei har til objekta, og i sceneframsyninga er publikum det «utvalet» dei tilsette vender seg til med monologane sine.

Scenografien med nakne flater og kalde lys strekar under det dystopiske i denne framtidsvisjonen, der alle også er kledde i identiske «romdrakter». Individualiteten er langt på veg viska ut, individa er reduserte til funksjonen dei har, og berre gjennom vitneutsegnene og stemmebruken skjøner vi at det finst restar av det menneskelege i desse skikkelsane. Monologforma, det motsette av dialog, får fram kulden og avstanden mellom karakterane.

I sum er det ei skremmande framskriving av notida Ravn har levert, der produktivitet er viktigare enn alt anna, i alle høve trivsel og menneskeleg fellesskap, og der tilhøvet mellom maskin og menneske i beste fall blir uklart. Og endå verre: Det er inga fjern framtid ho skildrar.

Miriam Prestøy Lie, som her debuterer på Den Nationale Scene, har laga ei stram framsyning, og dei medverkande gjer sine saker tilfredsstillande.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis