Teater
Psykopaten Peer Gynt
Modernisert Ibsen-klassikar med merkeleg tam samfunnsanalyse.
Peer Gynt anno 2019.Peer Gynt anno 2019.
Foto: Den Nationale SceneFoto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene, Teaterkjelleren
Ideen er god: å gi oss ein Peer Gynt frå 1867 i møte med Noreg anno 2019. Hos Ibsen hadde Peer, som løken, ingen kjerne. Hos Lid har han fått ein kjerne, merkeleg eintydig, etter ein personlegdomstest: psykopat.
I denne oppsetjinga får vi Ibsens klassikar i postmodernistisk form, dekonstruert, fragmentert og kaotisk. Den opphavlege historia er lett attkjennande, men med dei obligatoriske metaelementa. Samstundes skal vår nasjonale antihelt setjast inn i, og gjerne kommentere, notidas gjennomkommersialiserte fenomen – det vere seg SFO eller bompengar eller, ikkje minst, den omstridde psykologen Jordan Peterson. Det blir tamt og utan nemnande perspektiv. Som samfunnsanalyse hever ikkje denne framsyninga seg over det ordinære. Eg får lyst til å vende eit av Lids spørsmål i stykket mot han sjølv: «Hva prøver du å si?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.