Teater
Praktfull sjølvfeiring
Om kvifor bergensarane blei som dei blei.
Herman Ljung i spissen for Marie Amdam (t.v.), Gerald Pettersen, Jon Ketil Johnsen og Kristoffer Sagmo Aalberg.
Foto: Thor Brødreskift
Når bergensarane skal feire seg sjølv, kan det bli skikkeleg flautt. Men denne feiringa av musikkbyen, som jo verkeleg er noko å feire, blei feiande flott musikkteater. Mange skal ha æra for det, men den største stjerna var aldri å sjå på scenen. Kato Ådland, gjennom fleire tiår ein musikalsk gudfar i Bergen, har skapt om to dusin bergenssongar, nye og gamle, og gitt dei ei heilt ny musikalsk innpakning – og dei lèt verkeleg som nye. Det resultatet bidreg sjølvsagt også dei ni artistane til, 100 prosent bakka opp av maestro Jan Kåre Hystad og hans seks musikantar, helvta henta frå det nyss nedlagde bandet Razika.
Frå scenen fekk vi servert klassikarar som den snart 120 år gamle «Fjellveivisen» av Hans Wiers-Jenssen via Jan Eggums «En natt forbi» – der Ådland hadde lurt inn fleire taktar frå Griegs «forbodne» symfoni – og fram til låtar av Røyksopp, Gabrielle og Fjorden Baby. Det fine med mange av desse er at dei også fortel ei historie som kan spelast ut på scenen. Allsong med opp og stå for «Nystemten» var ein sjølvsagt del av dette musikalske fyrverkeriet, som herlege Kim Fairchild batt saman på sitt særeigne vis.
Ein effektiv scenografi, fargerike kostyme, fin koreografi, glimt i «øget», stor innsats og entusiasme frå alle på scenen bar dette overskotsfenomenet fram til suksess. No kan Wiers-Jenssens bergenske nasjonalkomedie Jan Herwitz bu seg på konkurranse, kanskje avløysing, til og med!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.