Teater

Poetisk og fint debutarbeid

Sterkt og tankevekkjande om lagnader som er blitt altfor daglegdagse.

Ameli Isungset Agbota og Sissel Ingri Tank-Nielsen.
Ameli Isungset Agbota og Sissel Ingri Tank-Nielsen.
Publisert

Dette stykket er dramatikardebuten til den sterkt prislønte poeten, aktivisten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali, som den siste tida har hatt sitt eige Antonsen-drama. Ho kjem langt, langt betre ut av debuten enn Antonsen gjorde med si barframsyning. Så bra er dette stykket, at det er grunn til å sjå fram til meir frå denne forfattaren.

Stykket tek ikkje berre utgangspunkt i diktsamlinga Når jeg ser havet, slokner lyset, som ho gav ut for snart to år sidan, det har òg henta både historia og personane frå desse dikta, men ho har likevel evna å gjere dette til eit poetisk og språkleg presist drama.

Det fortel om ungjenta Samira (Ameli Isungset Agbota), som har flykta frå Somalia, korleis ho tek seg over havet og om livet i ein flyktningleir. Det er dels ein monolog, dels ein dialog med bestemora (Sissel Ingri Tank-Nielsen), som stundom figurerer på scena og stundom på video. Havet er personifisert i Stig Amdam, som fungerer meir som ein kommentator.

I oppsettinga av Kjærlighetens Antarktis fylte regissør Silkeberg scena med dels heilt unødvendige effektar. Også i Havet tar det det ikke gir ser scena ut som eit roteloft, men her gir det meir meining – det kan symbolisere havforureininga, som rett nok ikkje blir tematisert i stykket. Der gjeld det eksistensielle spørsmål som liv og død, identitet, fridom, tilhøyrsle og sakn, lausriving, venting og forventningar til livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement