Teater
Peer Gynt med tonefølgje er oppleving av dei sjeldne
Ibsens dramatiske dikt er fint musikalsk «korrigert».
Det er lett å registrere kor mykje betre Sæveruds versjon kler Ibsens tekst enn Griegs romantiske tonar, skriv Jan H. Landro.
Foto: Roar Christiansen / Bergens Tidende
Sjeldan får vi oppleve Ibsens Peer Gynt med symfonisk tonefølgje, og endå sjeldnare med den musikken Harald Sæverud rett etter krigen komponerte til det forfattaren sjangerbestemte som «dramatisk dikt», og som Jon Fosse har omarbeidd til enkel, smidig nynorsk.
Men det fekk vi nokre dagar i Grieghallen, og igjen er det lett å registrere kor mykje betre Sæveruds versjon kler Ibsens tekst enn Griegs romantiske tonar. At villstyringen, kynikaren og egoisten Peer er blitt ein nasjonalhelt her heime, må nok Griegs musikk ta noko av skulda for. Også derfor gjorde det godt med denne musikalske «korrigeringa».
Musikk prioritert
No var det langt frå noka fullstendig framsyning Bergen Filharmoniske Orkester og Det Vestnorske Teateret baud på, ho kunne med fordel vore lengre. Men slik det no vart, var det rett å prioritere musikken på kostnad av dramatikken.
Den sceniske delen av teaterkonserten blei berre nokre høgdepunkt frå første akt, så sytte orkesteret, støtta av ein oktett frå Edvard Grieg Kor, for å transportere oss vidare fram til ei litt for kjapp, men roleg scenisk avslutning ein liten time seinare.
Viril Peer
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.