Teater

På dødens terskel

Solitaire er eit skremmande bilete på vår tids mangel på fellesskapskjensle.

Framsyninga av eit av dei siste stykka som Lars Norén skreiv, er eit samarbeid mellom fleire teaterinstitusjonar.
Framsyninga av eit av dei siste stykka som Lars Norén skreiv, er eit samarbeid mellom fleire teaterinstitusjonar.
Publisert

«Handlinga» i dette Beckett-inspirerte dramaet kjennest like uverkeleg som krigen i Ukraina, og stykket synest å ha fått uventa relevans dei siste dagane.

Både utgangspunktet og det som vidare skjer, er noko ein knapt ser i teateret. Her er ti personar som aldri har møtt kvarandre før, pressa tett saman på eit lite rektangel midt på scenen. Det finst ingen fysiske stengsel, resten av scenen er tom, men dei «veit» at dei kan ikkje stige ut av det som ser ut som ein lagnadsfellesskap, «vi er tvungne til å stå der vi står til det er slutt».

Ekstrem situasjon

Plassen dei har til rådvelde, er så liten at dei knapt kan snu seg. Det er vel litt av poenget; du skal innsjå at alt du gjer, også har konsekvensar for andre. Slik står dei i hundre minutt. Ikkje veit dei kvar dei er, kvifor dei er der, eller kva som ventar. Dei er i ein ekstrem eksistensiell grensesituasjon. Det er til å få klaustrofobi av.

Her er personar av begge kjønn og ulik alder, om bakgrunnen får vi gradvis vite nok til å skjøne at dei er svært ulike. Ikkje har dei namn, berre nummer, men saman utgjer dei eit menneskeleg mikrokosmos. Heile situasjonen og stemninga opnar for ei rad moglege tolkingar – det kan vere pandemi (som tok livet av Norén), krig eller rett og slett møtet med døden meir allment. Dette er eit av dei siste stykka Norén skreiv, og før dette laga han ein trilogi om aldring og død, som Solitaire lett kan sjåast som eit framhald av.

Samproduksjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement