Teater

Overklassefallet

Kirsebærhaven er eit velspelt stykke som hadde fortent ein annan og betre scenografi.

Katrine Dale og Gerald Pettersen, Ameli Isungset Agbota og Kristi-Helene J. Engeberg, Tormod Løvold og Ragnhild Gudbrandsen på scena.
Katrine Dale og Gerald Pettersen, Ameli Isungset Agbota og Kristi-Helene J. Engeberg, Tormod Løvold og Ragnhild Gudbrandsen på scena.
Publisert

Anton Tsjekhov kalla det siste skodespelet sitt «ein komedie i fire aktar». Då er vel svenske Ellen Lamm på trygg grunn når ho gjer meir komedie enn tragedie av dette stykket, sjølv om det tragiske og resignerte speler med i mykje av Kirsebærhaven. Verre er det at ho, saman med scenograf Rikke Juellund, har fylt Store Scene med ein framandgjerande, nærast postmodernistisk scenografi som gir lita meining. Rett nok er det blitt slik i norsk teater at aktørane helst skal flytte omkring på delar av scenografien, ofte for å overtydeleggjere eit poeng, og til det ligg slike påfunn godt til rette. Men her er det berre forstyrrande.

Indre hendingar

Kan det vere meint som ein freistnad på å «sprite opp» Tsjekhov? Stykka hans er jo fattige på intrige og handling, forfattaren meinte at menneskas føremål og drama låg i indre hendingar, ikkje ytre; han ville syne den russiske overklassens trøysteslause einsretting. Der er meiningstap, tomleik, einsemd og eksistensiell angst sentrale element, men også vegring mot å ta røyndommen innover seg, slik hovudpersonen Ljubov Andrejevna (Ragnhild Gudbrandsen) møter det trugande tapet av familiegodset.

Å selje den vakre kirsebærhagen kan redde det økonomisk fallerte godset, men slike tankar er framande for den eingong så fine familien. Bror til Ljubov, den pratesjuke og tiltakslause Gajev (Jonatan Filip) er sjølve biletet på ein klasse som har overlevd seg sjølv.

Fall

Kirsebærhaven er historia om ein families fall og – symbolsk – ein heil overklasses fall. Stykket er også eit varsel om 1905-revolusjonen, året etter at skodespelet låg føre. Her møtest menneske av ulike klassar, uroleg pratsame og nervøst opprivne, og den sosiale konflikten er tydelegare enn i dei førre Tsjekhov-stykka. Den nye tida er representert ved den halvstuderte, sentimentale og radikale drøymaren Trofimov (Tormod Løvold) og, framfor alt, den praktiske og løysingsorienterte oppkomlingen Lopakhin (Frode Bjorøy). Han har pengar, men manglar kultur og blir berre sett som den bondetampen han tidlegare var.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement