Teater
Ordlaus suksess
The Mute er eit lukkeleg samspel av mange gode krefter.
Janove Ottesen har skrive sitt første symfoniske verk og er med på klaver.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Ei stumteaterframsyning med fullt symfoniorkester, leia av Nick Davies, og framifrå skodespelarar er sjeldan kost i norsk teater. Låtskrivar Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra er leverandør av sitt første symfoniske verk, der han sjølv medverkar på klaver.
Mykje kunne gått feil, men ikkje minst den kunstnarlege heilskapen imponerer i den 70 minutt lange framsyninga. I ni ordlause aktar – eller skulle eg heller seie satsar – fortel ein Chaplin-liknande mann (Christian Eriksen) ei historie om kjærleik, sjalusi, anger og andre kjensler som høyrer kjærleikslivet til. Med seg har han Kvinna (Nina Ellen Ødegård) og Rivalen (Matias Kuoppala).
Regi, koreografi og skodespel gir framsyninga den perfekte stumfilmestetikken. Dei tre aktørane beveger seg velkoreografert på scena og lèt publikum få del i ei klassisk kjærleikshistorie, med dei fasane ei slik ofte kan ha. I formidlinga blir rørsler og gestar heilt avgjerande, og der leverer trioen med bravur. Skiftande videoinnslag frå Reidar Richardsen på Arne Nøsts enkle og skakke scenografihjarte, syter for den tilleggskunnskapen vi treng. I sum blir dette ei sjeldsynt vakker og tidvis rørande framsyning og teateroppleving.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.