Teater
Nybrygget kunne vore sterkare
For mykje av det meste, men også mykje å gle seg over.
Helle Ottesen (i midten) måtte steppe inn for Kirsti Sparboe i rolla som Agnes Mack, mater familias. Det gjer ho med bravur og all den autoritet rolla krev, skriv Jan H. Landro.Helle Ottesen (i midten) måtte steppe inn for Kirsti Sparboe i rolla som Agnes Mack, mater familias. Det gjer ho med bravur og all den autoritet rolla krev, skriv Jan H. Landro.
Foto: Martin EilertsenFoto: Martin Eilertsen
Hålogaland
Teater
Om vi ser bort frå at dette slett ikkje er ein operette og at framsyninga er temmeleg langdryg, finst det mykje å gle seg over i denne nyskapinga. At Mack får sin eigen musikal, i heimbyen Tromsø, er heilt på sin plass. Bryggeriet er ikkje berre ei merkevare og hjørnesteinsverksemd, men på sitt vis også ein kulturberar for landsdelen.
For mykje
Veikskapen med Operetten om Mack er at ein har hopa altfor mange ingrediensar inn i brygget, ut frå eit ønske om å fortelje mykje meir enn ei slik framsyning kan bere. Resultatet blir eit noko tynt øl. Det vi får, innanfor eit tidsspenn på om lag ti år frå slutten av den første verdskrigen, er ei noko seig historie om store økonomiske vanskar og korleis eigarfamilien ber seg åt for å redde selskapet. Med på kjøpet får vi eit stykke nordnorsk næringshistorie, skiftande alkoholpolitikk, glimt frå det som skjer ute i den store verda, ei familiekrønike med kjærleik og ekteskapskrise, eit barn som døyr, indre konfliktar, ein nordnorsk – eller skal vi heller seie tysk? – ukueleg optimisme og eg veit ikkje kva.
Med hjelp av Gjermund Andresens svært funksjonelle scenografi flyttar handlinga seg heile tida frå scenerom til scenerom. Sjølv om også nokre enkeltscener er for lange og ei og anna med fordel kunne vore kutta ut, er mange av scenene både morosame og poengterte, som oftast med godt spel. Det gjeld anten vi ser inn i dei mackske gemakk eller vitjar arbeidarane på bryggja. Men framdrift i historia er det heller smått med.
Mykje har også eit litt utvendig preg, og kan minne om framsyninga Sykle i snøstorm, som i fjor blei laga til Universitetet i Nord-Norges 50-årsjubileum. Eg ville trudd at røynslene frå den oppsettinga hadde fått teateret til å styre unna den malen, men altså ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.