Mikroteater
Mikroteatret samlar publikum i private heimar.
Foto: Vinterlys
Det Norske Mikroteatret:
Dramatikar: Yasmina Reza
Blodig alvor
Omsetjar: Christine Amadou
Regissør: Peder Hamdahl Næss
Med Vanessa Borgli, Rudy
Claes, Jonathan Espolin-Johnson og Jesper Malm
Ei ny teaterform har dukka opp her heime: mikroteater. Den oslobaserte gruppa Det Norske Mikroteatret har spesialisert seg på å finne scenestykke dei kan spele i private heimar. Til Mo kom dei med den moderne klassikaren Blodig alvor av Yasmina Reza. Stykket handlar om eit ektepar som oppsøkjer eit anna ektepar fordi son til det eine paret har slått son til det andre. No skal det ordnast opp i siviliserte former. I staden blir det krig på kniven.
For oss som sat benka i ei framand stove, var det ei oppleving å komme så tett innpå aktørane at vi kunne ha blanda oss inn i konflikten. Også for skodespelarane vil eg tru at det må ha vore spesielt å ha publikum på fanget, så å seie. Ei svært god framsyning.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det Norske Mikroteatret:
Dramatikar: Yasmina Reza
Blodig alvor
Omsetjar: Christine Amadou
Regissør: Peder Hamdahl Næss
Med Vanessa Borgli, Rudy
Claes, Jonathan Espolin-Johnson og Jesper Malm
Ei ny teaterform har dukka opp her heime: mikroteater. Den oslobaserte gruppa Det Norske Mikroteatret har spesialisert seg på å finne scenestykke dei kan spele i private heimar. Til Mo kom dei med den moderne klassikaren Blodig alvor av Yasmina Reza. Stykket handlar om eit ektepar som oppsøkjer eit anna ektepar fordi son til det eine paret har slått son til det andre. No skal det ordnast opp i siviliserte former. I staden blir det krig på kniven.
For oss som sat benka i ei framand stove, var det ei oppleving å komme så tett innpå aktørane at vi kunne ha blanda oss inn i konflikten. Også for skodespelarane vil eg tru at det må ha vore spesielt å ha publikum på fanget, så å seie. Ei svært god framsyning.
Jan H. Landro
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.