Meiningsfullt og velspelt
Ballettmelding: Billy Elliot (Lee Hall og Elton John), Den Nationale Scene i samarbeid med Fyllingsdalen Teater, Store Scene
Billy, kjenslevart tolka av Josva Bereket George Kiserud i den framsyninga som Jan H. Landro såg.
Foto: DNS / Fyllingsdalen Teater
Den Nationale Scene i samarbeid med Fyllingsdalen Teater, Store Scene
Lee Hall og Elton John:
Billy Elliot
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Lars Jacobsen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Anne E. Bergendahl
Koreografi: Martha Standal
Musikalsk ansvarleg: Helge Lilletvedt
Elitekunsten og arbeidarklassen har aldri vore to alen av same stykke. Då er det heller ikkje å vente at ballett skal vere eit alternativ for ein elleve år gammal gut som veks opp i ein liten nordengelsk gruveby under ein gruvestreik på liv og død midt på 1980-talet. Denne historia, som først var spelefilm, tek oss med til ein periode i Margaret Thatchers nådelause regime. Målet hennar var å knuse alt som heitte fagrørsle, og det er bakgrunnen for denne både rørande og dramatiske framsyninga.
Noko som hevar dette scenedramaet, er at gutar på Billys eigen alder har dei leiande guterollene. Seks heilt unge skodespelarar, dei aller fleste med bakgrunn frå det særs veldrivne Fyllingsdalen Teater, alternerer i dei to mest krevjande rollene. Om dei fire andre gjer jobben like overtydande som dei to eg såg, kan ikkje dette bli anna enn ein suksess.
«Samspelet er godt i heile ensemblet, og dei unge aktørane syner tydeleg at dei veit kva som er venta av dei – og gjer det.»
Dansetalent
Billy, fint og kjenslevart tolka av Josva Bereket George Kiserud, er morlaus og innser tidleg korleis det er å vekse opp i eit mannssamfunn som berre kjenner éin røyndom – gruva. Likar du ikkje å bokse, må det vere noko gale med deg. Vil du heller danse ballett, er du sjølvsagt «homo». Slike tendensar må drepast tidleg, og far hans, Kristoffer Sagmo Aalberg, er ikkje ein som nyttar pengar på danseutdanning for sonen. Berre bestemora, Ragnhild Gudbrandsen i ei for henne komisk rolle, skjønar guten.
Problemet, slik faren og storebroren ser det, er at Billy syner uvanleg talent for dansing. Han kan nå langt, men då må han få opplæring og høve til å delta på audition ved sjølvaste National Ballet School. Danselæraren Mrs. Wilkinson (Irene Waage) ser talentet og ivrar for at Billy skal få prøve seg. Det handlar ikkje berre om pengar, men (minst) like mykje om inngrodde fordomar – både i familien og i miljøet. Det som kunne blitt ein litt trist affære, har heldigvis fine innslag av humor som aldri verkar påtekne.
Fart og rørsle
Denne historia handlar ikkje berre om streik, politikk og dans. Eit viktig element er tilhøvet mellom Billy og kameraten Michael (Jonatan Ruben), som så gjerne vil iføre seg dameklede. Venskapen deira er skildra vakkert, fordomsfritt og med fin humor. Samspelet mellom dei to er fullt av harmoni og gjensidig forståing, kanskje dei finaste scenene i heile framsyninga.
Heile tida vekslar regien mellom det kollektive og det individuelle, mellom dei streikande og Billy med sine ønske og problem. Det er fart og rørsle frå byrjing til ende, musikalsk klarar dei fleste seg godt, og til dels krevjande dansesteg har dei unge fått inn på imponerande vis. Somme av veteranane er heller ikkje langt borte. Samspelet er godt i heile ensemblet, og dei unge aktørane syner tydeleg at dei veit kva som er venta av dei – og gjer det.
Elton John har lage musikken, som fungerer svært godt til tematikken, og musikalsk leiar Helge Lilletvedt med åtte medspelarar syter for at dette blir ein musikal av beste merke.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.