Teater

Maktkamp på liv og død

Fint tolka klassikar med sterke rolle­prestasjonar.

Stella og Stanley har ikkje mykje, men dei har kvarandre. Når systera Blanche kjem på besøk til New Orleans, vert den gode stemninga spolert.
Stella og Stanley har ikkje mykje, men dei har kvarandre. Når systera Blanche kjem på besøk til New Orleans, vert den gode stemninga spolert.
Publisert

Kva skjer når ein drygt sytti år gammal klassikar blir «modernisert»?

Det kjem an på korleis ein går fram, og her er to ulike versjonar på to ulike teater denne sesongen interessante å samanlikna. Begge nyttar same omsetjinga, men på Oslo Nye Teater har regissør Kim Bjarke omarbeidd teksten og lagt inn kjappe replikkar som truleg er meinte å gi komikar Linn Skåber «litt ekstra» å spele på i hovudrolla. Det fungerer ikkje heilt godt i samanhengen, ikkje trur eg heller at Skåber trong slik «hjelp».

Frå forfattarens side var stykket like mykje meint som ein sørstatstragedie som ein personleg tragedie. Typisk er hovudpersonen Blanche DuBois fallert alt då handlinga tek til. Så det er ikkje eit sosialt fall vi er vitne til. Det har alt hendt, men blir gradvis avdekt i framsyninga. Lagnaden hennar er bilete på eit forfina, amerikansk sørstatssamfunn som i mellomkrigstida sleit med å realitetsorientere seg. I dag er det kanskje «rustbeltet», som ironisk nok bar Trump fram til valsiger, som slit mest. Men det kjem så visst ikkje av «high life» og røyndomsfjerne levemåtar.

Teatret Vårt i Molde har flytt handlinga fram til vår tid, men elles ikkje gjort store endringar. Det fungerer betre, men reduserer dramaet til meir av ein personleg lagnad, utan dei vidare sosiale implikasjonane som ligg i Tennessee Williams’ tekst. Men sidan heile handlinga speler seg ut innanfor veggene i ein bygard, treng det ikkje ha så mykje å seie for opplevinga av stykket.

Ei svært påfallande endring er likevel gjort, og ho ville vore utenkjeleg i trettiåra: Mannen Blanche (Sara Fellman) prøver å forføre, er farga (Hugo Mikal Skår).

Skjøre, nevrotiske Blanche prøver å distansere seg frå ei nedverdigande fortid og oppsøkjer den jordnære søstera Stella (Johanna Mørck) og den noko primitive og direkte mannen hennar, Stanley Kowalski (Bjørnar Lisether Teigen). Han gjennomskodar faktene og talemåtane hennar, men ser ikkje kva sårbart menneske han har med å gjere. Dei er rake motsetningar, og maktkampen er ho dømd til å tape. Men trong han krone sigeren med å valdta svigerinna si?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement