Teater

Livfullt forteljeteater

Om våren er ei framsyning med sterkare vekt på depresjon enn i romanen.

Torbjørn Eriksen ber framsyninga i i farsrolla. Eili Harboe, som spelar tenåringsdottera, spelar både uttrykksfullt og kjenslevart.
Torbjørn Eriksen ber framsyninga i i farsrolla. Eili Harboe, som spelar tenåringsdottera, spelar både uttrykksfullt og kjenslevart.
Publisert

Om våren, den tredje og kanskje beste av dei fire romanane Knausgård skreiv til den vesle dotter si, vender seg til ei jente som berre er tre månader gammal og skildrar ein dag i barnets liv. Rett nok også med eit midtparti der forfattaren reflekterer over tilværet og ser tilbake på ting som har skjedd med den vesle familien før den yngste dottera kom til verda.

I sceneversjonen har Anders M. Andersen lagt seg tett opptil romanen. Vi kjenner att replikkar og naturskildringar som må vere henta ordrett frå boka. For det han har laga, er ikkje ei dramatisering i eigentleg meining, men noko mellom tradisjonelt forteljeteater og avansert høgtlesing, tilsett ein dæsj referat. Men ved å heile tida la replikkar og setningar vandre mellom dei medverkande og la alle personane vere i stadig rørsle, gir han framsyninga dynamikk og tempo som sikrar god framdrift.

Regigrep

Det som likevel slår meg mest, er korleis han har endra vektlegginga av stemninga. I romanen ligg depresjonane som mor til jenta stadig opplever, som ein dirrande undertone som stundom når overflata og blir heilt dominerande. I sceneutgåva har dette fått mykje større rom og tek etter kvart heilt over. Slikt blir det nok meir dramatikk ut av, men ikkje nødvendigvis betre teater. Til alt hell får ein del av Knausgårds natur- og vårstemningsskildringar vere med over på scenen. Det skaper ei kjærkome motvekt. Det same gjeld somme glimt av humor.

Andersen har gjort eit par interessant regigrep som pregar framsyninga. Han gjer dottera til tenåringsjente, som står i dialog med faren og slik endrar einetalen i romanen. Men ikkje berre samtalar ho med faren, ho er stundom forteljar, stundom mora eller andre personar. Det gjer rolla utflytande og uklar, jenta blir ingen eigen person – berre ein spegel for dei andre, og då hjelper det ikkje at Eili Harboe speler både uttrykksfullt og kjenslevart.

Kvardagsvisdom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement