Teater
Leikent om det mørkaste
Macbeth på Rogaland Teater er heilstøypt og «annleis» tragedietolking med brei publikumsappell.
Tyra Tønnesen leikar seg med både sjanger og teaterhistorie, skriv Jan H. Landro.
Foto: Grethe Nygaard
Shakespeares dystre meisterverk om makt, maktbegjær og kva det gjer med (somme) menneske, blir dessverre aldri uaktuelt. Oppsetjinga på Rogaland Teater syner kvifor det er slik. Når den røynde regissøren Tyra Tønnessen for første gong gir seg i kast med Shakespeare, gir ho oss ein Macbeth for vår urolege tid. For kva tyder det eigentleg at ein krig er vunnen? Er krigen då over? Er det berre å ta opp att kvardagen? Eller har krigens brutalitet gjort noko med elles fornuftige og moralske menneske?
Macbeth er historia om den skotske krigarhelten som av tre hekser blir spådd at han skal bli konge med tida, men som ikkje vil vente, og oppelda av den krigerske kona si difor drep han som sit på trona. Men det finst nok av utfordrarar som òg må ryddast av vegen, og snart er den nye kongen og frua hans vikla inn i så mykje dreping og konspirasjon at det går på vitet laust.
Eit tidlaust Europa
Handlinga er lagd til eit litt tidlaust Europa. Og dei mange rekvisittane har ikkje noko realistisk over seg, dei ber oss berre godta illusjonen. I dette tilfellet er det lett, sjølv om både jagarfly og stridsvogner er laga av papp. Då er det heller ingen grunn til ikkje å tru på dei tre heksene som kjem med sine lagnadstunge spådommar, og som med ujamne mellomrom dukkar opp i spelet – alltid med utsegner det er lett å mistolke, somme tider som eit gresk kor. I denne oppsetjinga gjer dei svært mykje av seg. Dei bringar både leik og humor inn i framsyninga, meir av det enn vi er vane med å sjå i dette stykket. Og det kjennest ikkje feil.
Etter ein haust med heite diskusjonar om påfunnsteater er det godt å kunne slå fast at Tyra Tønnessens leik med både sjanger og teaterhistorie og mange innfall undervegs, ikkje går inn i kategorien påfunnsteater, men står støtt på eigne bein. Til det bidreg også eit lojalt og velspelande ensemble, som denne gongen er fint supplert med sju talent frå husets barne- og ungdomsteater. Her veit alle kor dei skal.
Heider til Tønnesen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.